Difor gjev Berset seg

– På tide at andre overtek

Jan Berset seier det er ingen dramatikk i at han ikkje tek attval som ordførar i Ulstein kommune.   Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll

New Articles

Tidlegare i dag fortalde Knut Kleiven, som er leiar i Ulstein Høgre, at Jan Berset tek ikkje attval som ordførarkandidat for Ulstein Høgre.

Halde på i 32 år

– Kvifor tek du ikkje attval?

– Eg har halde på med dette i 32 år. No er det på tide å gje seg. Eg har også passert 70 år, svarer ordføraren.

Han meiner det er på tide at andre overtek.

– Eg pensjonerte meg eigenleg for fire år sidan. Så fekk eg ein ny sjanse og tok han. Det har eg ikkje angra på, men no vil eg sleppe til nye og yngre krefter, kommenterer Berset og legg til at dette var eit val han tok for lenge sidan.

Blir snart bestemt

Kven som blir partiet sin førstekandidat til kommunevalet i 2015 blir endeleg bestemt på eit styremøte tysdag 23. september.