Ulstein Eigedomsselskap vil ha gravplass på Eidet

Eit samla styre i Ulstein Eigedomsselskap (UEKF) vil ikkje at gravplassen på Osnes skal utvidast. Dei vil i staden ha ein ny gravplass på Eidet.

  Foto: Anne Gry Eilertsen

New Articles

UEKF har kome med dette synspunktet som eit innspel til arealdelen av kommuneplanen. Ulstein kommunestyre har tidlegare gjort vedtak om at utvidinga av kyrkjegarden skal skje på Osnes, og det er nedsett ei prosjektgruppe. Forslaget deira går ut på at om lag 30 mål jord i Osnesmyra og nedover mot dagens gravplass til bli bandlagt til gravplass “for all framtid”.

Dette vil stette trongen for nye graver i 50–100 år framover.

Men ikkje alle er begeistra for forslaget. Spesielt har grunneigarane og andre naboar til kyrkjegarden på Osnes varsla at det no er nok graver i området, og at utbygginga bør skje ein annan stad. Grunneigarane argumenterer sterkt for at der i staden bør kome eit byggjefelt.

Og dette er styret i UEKF samde i. Med i styret er Tore Roppen (leiar), Hanne Notøy, Aase Ulla, Andreas Ringstad og Leif Inge Breivik. På dette møtet var Trudi Moniz vara for Andreas Ringstad.



GRAVPLASS MED PARKANLEGG PÅ EIDET



Dagleg leiar Rune Urke i UEKF seier til Vikebladet Vestposten at styret meiner sentrumstomter i størst mogleg grad bør nyttast til bustader. – Osnes er sentrumsnært, og ligg nær fleire store arbeidsplassar. Eit bustadområde der vil vere heilt ypparleg, forklarer han.

UEKF har peika ut området bak vassbehandlingsanlegget på Eidet som ein høveleg stad for ny gravstad. Der er torvjord som kan drenerast, og dei ser føre seg at der kan bli eit fint parkanlegg. Urke trur ikkje området er for vêrhardt.

– Der er rett nok meir snø enn på Osneset, men elles kan det vere temmeleg vêrhardt på Osneset også, svarer han.



OMFATTANDE PROSESS



Høyringsfristen for arealdelen av kommuneplanen gjekk ut 20. november i år. Gangen vidare blir at administrasjonen i Ulstein kommune skal gå gjennom innspela som har kome inn, og deretter kome med råd til styringsgruppa. Styringsgruppa er Ulstein formannskap pluss Eli Skaatun (V) og Morten Feiring (SV). Denne gruppa skal så avgjere kva som skal skje vidare, og det kan ende opp med ein ny høyringsrunde.

Saka skal til endeleg handsaming i kommunestyret, men kva tid det vil bli, er uråd å vite enno.