Blipp vart årets Skjemtegauk

Stian Blipp Glopholm frå Bergen vart kåra til beste stand up-komikar under Skjemtegaukfestivalen.
New Articles

Festivalen vart avvikla på Kaffebaren i Ulsteinvik fredag og laurdag. Utover laurdagskvelden var det "stinn brakke", og dei frammøtte fekk flire seg gjennom både kjende og meir ukjende stand up-komikarar.

Trass i sterk konkurranse frå mellom anna Dag Sørås (som har hatt faste innslag på TV 2 og VGTV), var det Stian Blipp Glopholm frå Bergen som fall best i smak hos publikum. Blipp Glopholm fortalte mykje om famililivet (sitt eige?), og tilskodarane lo så dei knakk på stolane. Oppteljinga av røyster etter at alle komikarane hadde vore på scena viste at nykomaren Blipp Glopholm kunne gale seg årets skjemtegauk i 2011.

Årets Skjemtegaukfestival var den åttande i rekkja. Brørne Åge André og Geir Sindre Breivik står i bresjen for festivalen.