Den trettande Skjemtegaukfestivalen er i gong

Fredag kveld starta Skjemtegauk 2016 med eit stjernespekka komikarlag.
Kultur

Komikarane som deltok på første del av Skjemtegaukfestivalen som fann stad på Sjøborg kulturhus fredag kveld, har alle det til felles at dei er tidlegare vinnarar av Publikumsprisen.

Årets Skjemtegauk 2014, Halvor Johansson, tok rolla som konferansier for kvelden, og fekk dermed æra av å opne den trettande festivalen. Fyrstemann på programmet var Magne Storvik, som sist var med i 2007. 

Deretter var det tid for den første dobbeltvinnaren i festivalen si historie, då Vidar Hodnekvam returnerte til Skjemtegauk-scena. Hodnekvam vann sine to første festivalar i 2009 og 2010, og kan bli tidenes første trippelvinar om det går vegen i år. 

Skjemtegauk-veteran Christer Torjussen vann publikumsprisen i 2005, og inntok scena etter ein kort pause. Dermed fekk publikum ei god treningsøkt i lattermusklane, før regjerande meister André Ulveseter, Årets Skjemtegauk 2015, avslutta showet. 

Skjemtegauk 2016 vert avslutta laurdag kveld, med Maria Stavang, Mariell Køste, Henrik Fladseth og Halvor Johansson på scena. Billettar kan kjøpast på nett og i døra før framsyninga startar.