Halvor Johansson tok heim den andre publikumsprisen på to forsøk då han laurdag vart kåra til "Årets Skjemtegauk 2016".

Drammensaren stod på scena saman med Maria Stavang, Mariell Køste og Henrik Fladseth på avsluttingskvelden på Skjemtegaukfestivalen.

Dei fire konkurrerte om publikumsprisen med Christer Torjussen, André Ulveseter, Magne Storvik og Vidar Hodnekvam. Dei stod på scena fyrste kveld av festivalen.

Johansson var sist med på Skjemtegaukfestivalen i 2014, og vann også då hjarta til publikum.

- Eg synst det er drithyggeleg, sa Johansson like etter han fekk diplomet.

- Det var ein god konkurranse, med bra show, sa dobbeltvinnaren.

Med 13 fullførte festivalar, har no tre komikarar henta diplomet to gonger. I tillegg til Halvor har Vidar Hodnekvam og Stian Blipp gjort det før. Sju andre har også henta diplomet kvar sin gong.