– Vi må akseptere mangfald

John Jeanette Solstad Remø, opphavleg frå Ulsteinvik, trollbatt publikum på Sjøborg med si fantastiske livshistorie, og kampen hennar for transpersonar sine rettar.

Heime i Ulsteinvik heldt John Jeanette Solstad Remø, som i dag lever som open transperson, eit gnistrande godt føredrag om sitt liv. Ho var tidlegare sett på som han, men etter at det blei lovfesta rett i Norge til å skifte juridisk kjønn utan at ein måtte gjennomgå kirurgiske inngrep, skifta han juridisk kjønn til ho. John Jeanette imponerte med eit solid føredrag, og den sterke livshistoria hennar pressa fram mang ei tåre.  Foto: Ole-Ottar Høgstavoll.

John Jeanette tok opp mange viktige og sentrale tema i debatten kring mangfald. Ho var mellom anna innom omgrepa transseksuell og kjønn.   Foto: Ole-Ottar Høgstavoll.

Kultur

– Eg fekk feil kjønn. Allereie i fireårsalderen visste eg det. Det tok likevel seksti år før eg torde å kome heilt ut, sa John Jeanette Solstad Remø til dei over 120 frammøtte i Sjøborg kulturhus.

Fredag kveld var ho heime på gamle trakter, for det var i Ulsteinvik John Jeanette vaks opp. Ho vaks opp som gut, men følte at ho var jente. Det heldt ho inne gjennom snart eit heilt liv, før ho i 2010 kom ut som transperson.

Til tonane frå «Gabriella's song» og video og lyd av behageleg bølgjeskvulp opna John Jeanette sitt føredrag, og gjekk i gong med å introdusere seg sjølv.

– Hei, eg heiter John Jeanette, kvinne og mann i same person.

- Kven er eigentleg normale?

Først tok John Jeanette opp temaet normalitet.

– Kva vil det eigentleg seie å vere normal? Det at nokon er normale gjer at andre blir sett på som unormale. Det er ekskluderande, undertrykkjande, og kan føre til overgrep og vald. I fleire land er det i dag dødsstraff for å vere homofil, fortalde ho.

Ho spurde så om kva alternativ ein kan ha til dette normalitetstyranniet.

– Jo, vi må akseptere mangfald, menneskeverd. Det er det som er normalt, det å vere ulike.

John Jeanette tok også opp temaet kjønn.

– Kva er eigentleg kjønn? Det er svært vanleg å kategorisere. Stereotypiane er nært i slekt med fordommane. I 2016 blir framleis kjønnsrolle mønster resirkulerte.

Så fortalde John Jeanette om angsten ved å endeleg stå fram.

– Det tok meg altså 60 år å endeleg stå fram. No har eg vist meg for verda, og eg har det veldig bra.

Internasjonal kampanje

John Jeanette, som både har vore ubåtkaptein og statslos i løpet av eit langt yrkesliv er no pensjonist. No nyttar ho all den tida ho har til å kjempe for transpersonar sine rettar over heile verda. Ho har også vore frontperson for ei stor verdsomspennande kampanje for Amnesty International.

– Eg fekk 5.000 brev frå heile verda med støtteerklæringar.

Då føredraget var over venta ståande trampeklapp frå dei frammøtte, og tårene pressa seg fram hos hovudpersonen sjølv.