Fekk lære om trebåttradisjonar

Lærerikt og engasjerande undervisningsopplegg i fullskala.

Klinke Sebastian, Cornelia og Martine prøvar å klinke 

Opplegget var profesjonelt frå start til ende

Høvle Elevane fekk prøve å høvle. 

Kultur

Visste du at den eldste snidbetningen vi veit om i dag er i Brandal, at båtborda frå han er datert til 1713, og at han er redda frå eit naust som stod på Raffelneset?

Hareid ungdomsskule rettar ei stor takk til Stiftinga Sunnmøre Museum og formidlarane Håvard Hatløy og Ingvill Naalsund for eit lærerikt og engasjerande undervisningsopplegg der alle elevane mellom anna fekk lære om tradisjonsbygging av trebåtar og om gamle måleeiningar som alen, famn og fot.

Håvard Hatløy hadde med seg ein snidbetning i full skala og han viste med hjelp av eigne kroppsmål korleis han hadde bygd båten. Med eitt vart alen, famn og fot forståelege omgrep for elevane.

Hatløy var eit oppkome av tradisjonsuttrykk og brukte desse på ein naturleg måte overfor elevane. I løpet av undervisningsopplegget fekk elevane prøve ut verkty og arbeidsmåtar som vart nytta til å bygge ein snidbetning. Navar, borrevinde og klinkeverkty var berre noko av det elevane fekk prøve.

Ingvill Naalsund drog dei historiske linjene heilt attende til Magnus Lagabøte og forklarte måleeiningane i ein tradisjonssamanheng. Elevane lærte seg om proporsjonar og måling på eigen kropp, og dei fekk sjå samanhengen mellom den gamle måleininga famn og kroppshøgde.

Elevane fekk òg lære seg kor viktig tønnene var for kystfolket og viktigheita av å bruke rett verkty for å opne og lukke desse. Naalsund utfordra elevane til å rekne volum av tønnene, og hadde med seg sekkar med korn som dei kunne dra nytte av om dei trengte hjelp.

Ingvill hadde òg med seg to malar av gamal båtpresenning. Malane var kutta opp som båtbord med mål og namn. Elevane fekk utdelt ei skisse av ei side på ein snidbetning og skulle, i team, sette desse saman. Her var det om å gjere å verte først ferdig og lagarbeid stod i fokus.

- Opplegget var profesjonelt frå start til ende. Hareid ungdomsskule vil nytte høve til å takke Kultursekken i Møre og Romsdal for at elevane får ta del i kulturformidling som dette, seier representantane frå Hareid ungdomsskule.