Hareidsstemna er godt i gang, og søndag kveld var det duka for Gla'konsert med Hjørungavåg Brass. Brassbandet som blei starta av Svein Smørdal i 1993 er 25 år i år, og det var så absolutt ein vital jubilant dei rundt 600 frammøtte i Hareidhallen fekk sjå. Hadde underteikna kasta terningen etter søndagens mektige oppleving, hadde den så definitivt vist seks prikkar.

Ein etter ein kom musikantane inn og opp på scena, medan dei gradvis bygde opp Jan Magne Førde sin ikoniske "Bruremarsj". Då brassbandmedlemmane var vel på plass på seta sine var det tid for nok ein Jan Magne Førde-kreasjon. Jenny Helen Korsnes spelte solo på "Domen", med godt akkompagnement frå resten av brassbandet og gitarist for kvelden, moromann og musikar Ørjan Liavåg.

Solistar i verdsklasse

Kveldens konferansier Ole Frank Bakken ønskte dei frammøtte velkomen, før han introduserte dei to som skulle toppe konserten. Rein Alexander og Birgitte Grytten Velsvik.

Rein Alexander er eit godt kjent namn både på lokalt og nasjonalt plan. Han vann NRK sin musikkonkurranse "Kjempesjansen" i 2003, og har sidan spelt for fulle hus over heile landet. Birgitte Velsvik Grytten er eit mindre kjent namn for det lokale publikummet, men det er ei merittert dame det er snakk om. Ho er utdanna songpedagog og dirigent, og tok ein mastergrad ved den verdskjende Marlinsky-operaen i St. Petersburg. Ho har sidan hatt fleire store opera-roller i inn- og utland.

Og det skulle ikkje gå lang tid før dei fekk demonstrere sine unike stemmer. Først ut var Velsvik Grytten, som framførte "Les Misérables"-klassikaren "I Dreamed a Dream". Etter den gåsehud-framkallande framføringa, var det tid for meir gåsehud. Rein Alexander, med anar frå Korshamna i Hjørungavåg, song "Bring him home". Også den frå musikalen "Les Misérables".

Beatles og Bør Børson

Den første duetten for kvelden var av det særs vakre slaget. Rein Alexander og Birgitte Grytten Velsvik kompletterte kvarandre strålande på "The Prayer", gjort kjend av ingen ringare enn Céline Dion og Andrea Bocelli.

Etter "Heavy på gnitahei" framført av Hjørungavåg Brass, song Birgitte Grytten Velsvik ein flott versjon av John Lennon og Paul McCartney sin The Beatles-klassikar "Help".

Så var det klart for ein tur innom musikalane si verd igjen, då Rein Alexander song "Anthem" frå musikalen Chess. Birgitte Grytten Velsvik følgde like etter på med "Å, æ kjinne'ein kar" frå den klassiske filmmusikalen Bør Børson Jr. Musikalen som er basert på boka med same namn, skrive av Johan Falkberget.

Renate Liaset leia så an med ein flott solohorn-solo på "He Ain't Heavy - He's My Brother" frå The Hollies.

Gitarsolo, Løvland-magi og filmmusikk

Ørjan Liavåg kan mykje meir enn å få folk til å le. Han glimta til med eit flott solonummer på "Svalbardtema".

Rein Alexander tok så mikrofonen fatt igjen, og leverte sin versjon av "You raise me up". Klassikaren som er signert norske Rolf Løvland, og som Josh Groban gjorde verdskjend.

Etter nok ei gnistrande god framføring frå Rein, tok Velsvik Grytten konserten over i filmmusikken si mangslungne verd. Tina Turner sin kraftfulle James Bond-song "Goldeneye" var ingen match for Birgitte si imponerande røyst, og ho fekk trampeklapp servert frå salen etterpå.

Konferansier Ole Frank Bakken og dirigent Svein Smørdal plystra så i gong neste song, og fekk etter kvart også med seg salen. "The Bridge on the River Kwai" blei eit punkt i konserten der publikum verkeleg fekk vere med på notane.

Etter Birgitte Grytten Velsvik si nydelege tolking av "Du måste finnas" frå musikalen "Kristina från Duvemåla", takka ho og Rein Alexander for seg med ein mektig duett på Andrew Lloyd Webber sin udødelege "Pie Jesu".

Hjørungavåg Brass avslutta konserten med "St. Louis Blues March" og "Time to say goodbye". Men om ikkje det var nok, var solistane Rein Alexander og Birgitte Grytten Velsvik også med på "Time to say goodbye".

Intervju og meir frå konserten kan du lese i tysdagsutgåva av Vikebladet Vestposten.