Feil i kinoannonsen

Kultur

Det har diverre kome på trykk feil kinoprogram for Sjøborg kino i dagens avis. Vikebladet Vestposten seier seg leie for dette.

Sjøborg kino har mykje godt på programmet for tida.

Her kjem rett program:


Norske Byggeklosser

Komedie, 12 år

Møt Atle Antonsen, Anders Baasmo Christiansen og Ine Jansen i ei komedie om kva som skjer når draumen om eigen bolig blir eit overveldande kaos!

Torsdag 22.2. kl. 18.30


Every Day

Drama/romantikk, tillatt alle

Eit romantisk drama om ein sjenert tenåring som fell for ein person som vert forvandla til ein ny person kvar dag.

Fredag 23.2. kl. 17.15 – Norgespremiere


The Shape of Water

Drama/romantikk/skrekk/thriller, 15 år

Årest stor Oscarfavoritt - Nominert til heile 13 Oscars!

Fantasydrama av Guillermo del Toro. Den einsame Elisa (Hawkins) jobbar som reinholdar i eit laboratorium drive av myndigheitene, og lever eit liv i isolasjon. Livet hennar forandrar seg for alltid når ho og kollegaen Zelda (Octavia Spencer) kjem over eit topp-hemmeleg eksperiment på arbeidsplassen.

Fredag 23.2. kl. 19.40 – Norgespremiere


Winchester – House of Ghosts

Skrekkfilm, 15 år

I eit avsidesliggande område utanfor San Francisco ligg det mest heimsøkte huset i verda. I hovudrolla: Helen Mirren.

Basert på verkelege hendingar!

Fredag 23.2. kl. 22.10 – Norgespremiere


Molly`s Game

Drama/thriller, 12 år

DEAL WITH HER - Jessica Chastain i den sanne historia om pokerprinsessa Molly Bloom. Ho  blir målet for ei FBI-etterforskning etter at ho over lang tid har helde eit hemmeleg og svært eksklusivt pokerlag for Hollywood-kjendisar, idrettsutøverar, businessmenn og etter kvart også den russiske mafiaen.

Terningkast 5 FilmMagasinet: “Underholdende”

Søndag 25.2. kl. 18.00 – Premiere