Her er den kalde, fine tida

Send inn dine vinterbilde!
Kultur

Ein kaldfront frå Sibir har ført til svært lave temperaturar i Sør- og Midt-Norge denne veka.


No kjem han Joklepej

Særleg onsdag og torsdag kan det vere lurt å ha på seg stillongs. Denne veka vert truleg den kaldaste denne vinteren.


Men det kalde vêret fører ikkje berre til mangel på ved fleire stadar i landet, det gir også gode moglegheiter til å kome seg ut for å fotografere det vakre vinterlyset, frost og snøkledde fjell.

Har du eit flott vinterfoto du vil dele med Vikebladet Vestposten sine lesarar? Send inn til redaksjon@vikebladet.no så samlar vi dei i ein stor bildeserie.