Nystarta hagelag satsar interkommunalt

Inviterer til temasamling om korleis du kan lage rom i hagen

Idyll Det nyskipa Sande Hagelag får komande onsdag, 7. mars, vitjing av landskapsarkitekt Mari Klauseth Hagen frå Rauma. Mari og ektemannen har nytta sine kreative evner til å skape ein sjeldan landskapsidyll under romsdalsfjella, med ein hage som byr på overraskingar og hemmelege rom, fortel Nina Elisabeth Bøe i hagelaget.. 

Kultur

Det nyskipa Sande Hagelag ønskjer å nå ut til medlemmer i Hareid og Ulstein. I følgje Nina Elisabeth Bøe i Gjerdsvika er aktiviteten i dei tidlegare hagelaga i Herøy, Hareid og Ulstein per i dag sovande. Det er difor ingen som arrangerer turar og aktivitetar. Likevel er mange framleis medlemmer i Det Norske Hageselskap og Bøe vonar at det nystrata hagelaget, som har tilhald i Gjerdsvika, kan samle hageinteresserte frå heile ytre søre

Komande onsdag , 7. mars, er Sande hagelag klar til å arrangere sitt første opne arrangement.

- Vi er veldig stolte over å kunne ta imot Mari Klauseth Hagen som vår aller første foredragshaldar, seier Nina Elisabeth Bøe. Ho fortel at dei med jamne mellomrom kjem til å halde temamøte som er opne for alle, ikkje berre laget sine medlemmar. Til det opne temamøtet i Brekkgarden i Gjerdsvika komande onsdag er det hageplanlegging og rom i hagen det er snakk om.

Mari Mari Klauseth Hagen er utdanna landskapsarkitekt frå Universitetet for miljø- og biovitenskap på Ås.

- Mange vil truleg kjenne henne att frå hageprogrammet Grønn Glede som vart sendt i mai 2015. Der fekk vi vere med til Mari sin vedunderlege hage på Monsås Gård i Rauma. Mari og ektemannen har her nytta sine kreative evner til å skape ein sjeldan landskapsidyll under romsdalsfjella, med ein hage som byr på overraskingar og hemmelege rom, fortel Nina Elisabeth Bøe.

Foredragshaldaren driv til vanleg firmaet Hagen Landskap, der ho tar oppdrag med å skape uterom både for offentlege og private.

- Ho har særleg ekspertise innan korleis du ved hjelp av ulike materialar og framgangsmåtar kan skape rom i hagen. Romma kan ha ulike funksjonar, og få ein liten hage til å verke stor. For dei som er så heldige å ha ei stor tomt, er dette også eit fint verkemiddel for å gjere hagen meir spanande og intim. På foredraget kjem Mari til å snakke litt om hageplanlegging generelt, i tillegg til hovudtemaet. Det blir også utlodning, og sal av kaffi og kaker på arrangementet, lokkar Bøe.