Trygt og lyst for skeisegåarar

No kan du gå på skeiser på Kjerringnesvatnet til seine kvelden.

Godt lys Han lyser bra opp, lyskastaren som Kjerringnesmyra Vel har fått sett opp ved Kjerringnesvatnet. 

Kultur

– Vi har nettopp mål tjukkleiken på isen på Kjerringnesvatnet til å vere 16-17 centimeter, fortel leiaren i Kjerringnesmyra Vel, Per-Stein Tømmerstøl.

Velforeininga ønskjer å slå eit slag både for trygge skeiseforhold på Kjerringnesvatnet og for den nye lyskastaren som syter for at isen er opplyst også på kveldstid.

– Lyset er kopla slik at det vert sett på når gatelysa kjem på. Koplingsboksen er elles låst, slik at det er uråd å slå på lyset utan at isen er trygg, fortel Tømmerstøl. 

Velforeininga har fått støtte frå Ulstein kommune og Hasundgot IL til prosjektet som stod ferdig før jul i fjor.