Arrangerte workshop før UKM neste helg:

- Bli med du også!

10. mars går årets UKM Hareid & Ulstein av stabelen på Sjøborg Kulturhus. Sjå bileteserie!
Kultur

Birgitte Vik Wymer var midt i instrueringa av tre av songelevane hennar som er meldt på til Ung Kultur Møtes (UKM) for Hareid og Ulstein, då lokalavisa tok turen innom Skollebakken Aktivitetshus laurdag.

- Det er fleire frå Ulstein kulturskule som er med oss her i dag, men også nokre frå Hareid. Vi blir ein stor og fin gjeng, og dette blir nok veldig, veldig kjekt, seier ho til Vikebladet Vestposten.

Vik Wymer kan også avsløre at publikum under UKM Hareid & Ulstein vil få høyre ein heilt spesiell song bli framført. Denne øvde trioen Åsa Hauge, Mathilde Johansen og Ida Brevik på då underteikna kom inn i øvingslokalet.

- Det er ein hyllest til Ulsteinvik, der vi har forandra litt på teksten frå "Good Morning Baltimore". Vi seier då sjølvsagt "Good Morning Ulsteinvik"! Det blir spesielt, seier Birgitte Vik Wymer.

Ho kan fortelje at det i år blir sett saman songarar i duettar, trioar og grupper, i større grad enn tidlegare. Det blir også litt meir fokus på dans i tilknyting til songnummera.

- Det viktigaste med UKM er at ein har det gøy, seier Birgitte Vik Wymer.

49 påmelde - så langt

I alt 49 er så langt meldt på UKM Hareid & Ulstein, som går av stabelen neste helg. Arrangørane har eit ønskje om å få med endå litt fleire, og eit ledd i å få dette ønskjet oppfylt var å arrangere ein workshop helga før den store kvelden. For laurdag 10. mars brakar det laust.

- Ein må ikkje vere påmeldt UKM for å vere med på workshop. Denne samlinga var mest for å gjere dei som allereie er meldt på meir klar til arrangementet, men også for å potensielt få med fleire deltakarar. Bli med du også! seier ungdomsarbeidar Marie Flatin og lærling ved kulturkontoret, Aurora Dimmen Bratli.

Dei to er vaksen-arrangørar av årets UKM, men dei fortel at dei også har med seg mange flinke ungdommar i arrangørteamet.

- Mykje av poenget med workshopen er som sagt å få med fleire, men også for å skape eit miljø knytt til ungdomsklubben. Vi har søkt om ein del midlar for å kunne gjennomføre UKM. Draumen er at ein kanskje kan få i stand nokre grupper som kan øve seg i Bell Ungdomsklubb si opningstid også. Her er også moglegheiter for å øve seg på dans her, fortel Marie.

- Stort, men kjekt ansvar

William Seljeseth og Anna Natalie Ballo Hov er blant ungdommane som er med i arrangørstaben. Begge har ansvar innanfor rigging.

- Dette blir mitt tredje år der eg er med på å arrangere. Dette er skikkeleg gøy, og det er hovudgrunnen til at eg er med år etter år, seier William.

- Det er veldig kjekt, men så er det også eit stort ansvar. Vi gler oss, seier Anna Natalie.

Henta inn profesjonell instruktør

UKM er så mangt. I tillegg til song og musikk, er også dans eit stort felt. For å gi inspirasjon til dei som allereie er påmeldt med dansenummer, men også dei som kan tenkje seg å bli med, var ingen ringare enn Ole Petter Knarvik frå Absence Crew henta inn. Han er ein godt kjend dansar i Norge, og har saman med dansecrewet sitt vore med på blant anna Norske Talenter. Han fortel til Vikebladet Vestposten at han ser mykje potensiale i dansarane i Ulstein og Hareid.

- Heilt klart. Ein super gjeng, som ønskjer å lære, men som også har innspel sjølve til kva dei kan gjere for å utvikle seg som dansarar. Eg set stor pris på å kome til stader som Ulsteinvik for å lære vekk litt av det eg kan, men også for å inspirere born og unge til å følgje draumane sine. Eg følgde mine, og i dag kan eg faktisk leve av dansen, seier Knarvik.

Stor gjeng kunstnarar

Då Vikebladet Vestposten var på besøk på Skollebakken Aktivitetshus var det også fleire kunstnarspirar som var godt i gang med å førebu kunstverk til den store UKM-utstillinga neste helg. Dette er bilete og andre bidrag som blir stilte ut utanfor sjølve kulturhussalen på Sjøborg, slik at publikum kan sjå på dei både før, etter og i pausane under UKM-showet.

Elise Sæter Hasund og Julie Vels Poulsen er begge med i eit kor som skal synge under årets UKM, men dei fortalde lokalavisa at dei også godt kunne tenkje seg å stille ut kunstverk.

- Det hadde vore veldig kjekt. Vi får sjå når vi er ferdige, om vi føler det blir bra nok, seier dei to smilande.

UKM Hareid & Ulstein går som sagt av stabelen laurdag 10. mars.