Alt var ikkje berre fryd og gaman då Stig Johansen kom tilbake til Sunnmøre etter å ha arbeidd i skulen i Oslo ei tid.

– Etter friminutta var det lange køar av elevar som skulle inn til rektor for å ordne opp i konfliktar som hadde oppstått. Mykje tid gjekk med til å ta hand om dette. Difor starta vi opp Leikepatruljen. Det er ti år sidan no, og konfliktar, plaging og mobbing har blitt kraftig redusert, seier Johansen som er inspektør ved Spjelkavik skole.

Kort fortalt er dette ei ordning der ei gruppe elevar syter for at det vert sett i gang organiserte leikar og aktivitetar i friminuttet.

– I tillegg til at elevane held seg i aktivitet, skaper det også ein sosial arena. Konfliktnivået går ned når elevane er opptekne av leiken, fortel Stig Johansen som saman med Fedil Dizdarevic hadde styringa på borna og lærarane i Hareidhallen.

Etter den spede starten ved Spjelkavik skole, har ordninga no spreidd seg over heile fylket. Hareid er den 21. kommunen i fylket som vert introdusert for opplegget til Leikepatruljen.

Mange aktivitetar

Under samlinga i Hareidhallen torsdag, der elevar frå fjerde til sjuande klasse ved skulane på Bigset og i Hjørungavåg og elevar frå femte til sjuande klasse ved Hareid skule deltok, fekk deltakarane vere med på i alt 22 ulike aktivitetar.

Her var det liv og røre og stort engasjement frå deltakarane som fekk prøve seg i alt frå kjende gjeremål som eggeløp og hoppetau til meir avanserte øvingar som krev litt meir organisering.

– Det skal kunne gå an å drive med dette utan at det skal koste all verda, seier han.

Med seg til Hareid hadde han fleire kasser med utstyr som dei tre skulane fekk til odel og eige, alt dekt av Gjensidigestiftelsen.

– Vi har hatt eit liknande opplegg på skulen dei siste åra, men vi har kalla elevane som har hatt ansvaret for dette for aktivitetsleiarar. Elles er opplegget nokså likt, fortel lærar Hanne Sofie Urke som har ansvaret for dette ved Hareid skule.

– Elevane må søkje om å verte aktivitetsleiar og deretter vert det sett saman grupper av elevar som vi meiner går godt saman, forklarer ho.

I alt er det rundt 25 aktivitetsleiarar ved Hareid skule.

Urke tykkjer det likevel er svært interessant og inspirerande å få nærare kjennskap til Leikepatruljen.

– På skulen har vi ei helsesøster frå Sula som tipsa oss om Stig Johansen og Leikepatruljen.

Stafett: I denne leiken deltok fire lag. Deltakarane er inndelt etter tal og når ditt tal og øvinga du skal gjennomføre vert ropt opp, må du springe så fort du kan frå plassen din, rundt salen og så gjennomføre øvinga som i dette tilfellet er å krype mellom beina til dei andre på laget ditt. Hoppe bukk og springe i sikksakk mellom lagkameratane din er andre døme på slike øvingar.