Det var ei svært spesiell ramme rundt konserten, som fann stad i Hareid Group sitt nye praktbygg på Raffelneset. Størsterommet i andre etasje i det mektige bygget var lyssett på vakkert vis, og stolar var sett fram slik at ein skapte ein fin halvsirkel fram mot koret.

Den tredje utgåva av Bigset Blandakor blei skipa hausten 1982 av ein gjeng entusiastiske nybyggjarar, i bustadfeltet Bigset Vest. Jens Holstad var fyrste dirigent for koret. Det fortalde bassongar og "alt-mogleg-mann" i Bigset Blandakor, Leiv Arne Grimstad. Han losa dei frammøtte gjennom jubileumskonserten på framifrå vis. Innimellom slaga presenterte han dei komande songane, og gav ein rikhaldig bakgrunnhistorikk for kvar og ein av dei, og kvifor dei var plukka ut til repertoaret under sjølvaste jubileumskonserten.

Med seg på piano/perkusjon, gitar og fiolin hadde blandakoret dei særs dyktige musikarane Peter Demirov, Kris Panev og Nadja Demirova.

Frå Johan H. til Bob Dylan

Songstykka Bigset Blandakor serverte dei frammøtte laurdag kveld var mange og ulike. Dirigent Maria Hiteva sette i gang koret på første stykke, "Den kvite symra", med tekst av Anders Hovden og arrangement ved Johan H. Grimstad. Like etter kom "Nå, skruva fiolen", av Sverige sin nasjonalskald Carl Michael Bellman.

- Dette er ein av dei songane vi kan veldig godt, og som har vore lengst med, sa Leiv Arne Grimstad like etterpå.

Han fortalde så at 8-9 av dei som var med på jubileumskonserten hadde vore med sidan fyrste året, altså tilbake i 1982.

- Brorparten av songane vi har valt ut for dykk her i kveld er songar vi kjenner godt til. Den neste songen er ei påminning om den tida på året vi er inne i, sa Grimstad.

Neste song var naturlegvis "Danse mot vår", gjort kjent av Elisabeth Andreassen.

Så tok blandakoret publikum med til solfylde California, med The Mamas and The Papas sin slager, seinare også sunge av The Beach Boys, "California Dreamin'".

"Just a Closer Walk" var neste song ut, og den fyrste av to med meir kyrkjeleg tema. Ein spiritual som ofte blir framført under jazzgravferdene i New Orleans. Så var det tid for "Surely Goodness and Mercy", arrangert av herøyværingen Svein Møller (1958-1999), og som tekstmessig er eit utdrag frå Davidssalme 23, vers 6.

Evert Taube sin "Nocturne" var neste song på programmet, og den fyrste av to songar frå våre naboar i aust, Sverige. Så var klart for den andre, Povel Ramel sin "Vals i tango".

Louis Armstrong sin udøydelege klassikar "What a Wonderful World", originalt skriven av Bob Thiele og George David Weis, har blitt omsett til nynorsk. Denne versjonen, "For ei strålande verd" framførte blandakoret på flott vis. Så var det klart for litt Bob Dylan. "Emotionally Yours", ein mindre kjent Dylan-sang.

Frå skotsk tradisjon til Sting

Det skotske diktet "Auld Lang Syne", seinare tonesett med ein tradisjonell folkesong, kom så. Like etter framførte Bigset Blandakor "Only You", før vi blei tatt med over i den irske songtradisjonen, gjennom folkesongane "I tell my Ma'" og "Galway Bay". Til begge songane har blandakoret nytta Helge Riise sine korarrangement.

Bigset Blandakor avslutta jubileumskonserten med "Grøne Engjer", "Bye, Bye, Love" og Sting sin storhit "Fields of Gold".

Blandakoret feira 35 år som kor, men i realiteten var jubileet i fjor, kunne Leiv Arne Grimstad fortelje. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.
Dirigent Maria Hiteva hadde god kustus på sine korsongarar. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.