Til hausten kjem sjølvaste Morten Abel til Sjøborg i Ulsteinvik, nærare bestemt 6. oktober.

Han kjem mellom anna til Ulsteinvik med splitter nye låtar.

Abel har vore i rampelyset i snart ein mannsalder og har mykje å ta av. Han er og forblir ein av dei få ekte popstjernene me har i Noreg. Både salstala, prisane og konsertane på merittlista hans forsvarer denne statusen, og mannen er for lengst ei levande legende i norsk musikkbransje.