Det er elevane i valfaget Sal og Scene ved Ulstein ungdomsskule som fann ut at dei ville invitere barnehageborn i Ulstein til teaterframsyning sist torsdag.

– Oppslutnaden vart over all forventning. 142 born og 42 vaksne meldte si interesse for å vere med, seier lærar Aud Janne Hatlebakk som saman med Ingrid Sæter har stått for undervisninga i valfaget Sal og Scene. Elevane, som går i 8. og 9. klassetrinn, tok til å arbeide med stykket i november.

Ifølgje læreplanen er dei to hovudområda i dette valfaget å skape ein sceneproduksjon og å formidle denne til eit publikum.

– Elevane har gjort rubbel og bit sjølve, fortel Hatlebakk som er svært imponert over ungdomane.

I byrjinga på skuleåret nytta dei tida til ulike dramaøvingar slik at dei skulle verte meir trygge i faget. I november tok dei som nemnt til å jobbe med eit teaterstykke, men dei har også drive med andre ting undervegs, som song og dans til dømes.

Øvde på kveldstid

– Etter kvart har teateroppsetjinga tatt meir og meir tid og no mot slutten har elevane nytta Dimna-skulen som øvingslokale på kveldstid for å kome i mål. I tillegg til redigere manus og øve replikkar har dei også laga kostyme og kulissar.

Eg trur dei vart overraska over kor mykje arbeid som skal til for å setje opp eit teaterstykke, seier Hatlebakk.

Ho fortel at det opphavlege stykket dei hadde sett saman var på tre timar, men at elevane innsåg at dette nok kom til å verte i lengste laget. Dei kutta det difor ned til ein og ein halv time. Ein og ein halv time kan vere lenge nok, men det unge publikumet sat oppmerksamt og fylgde med på det som gjekk føre seg på scenen

Valfagelevane hadde henta materiale frå Thorbjørn Egner sitt univers og kunne by på smakebitar frå både Kardemomme by og Hakkebakkeskogen, i tillegg til eventyr som Raudhette og Ulven og geitekillingane.

Mykje av dette var kjent frå før hos publikum som song med av hjartans lyst på fleire av songane i stykket.

Etter framsyninga kunne publikum få helse på skodespelarane og kanskje få drage dei skumle ulvane litt i øyra.