– Den eldste rutevogna som kjem til Ulsteinvik er ein T-Ford frå 1920, fortel Ola Rangsæter i Rutebilhistorisk forening avd. Sunnmøre.

Det er dei som arrangerer veteranbusstreffet.

Rangsæter fortel at det er ein buss frå Troms som har den lengste strekninga å tilbakelegge i samband med treffet.

Hovudoppstillingsplassen for dei tilreisande bussane vert på den store parkeringsplassen ved Gullblokka.

– Ikkje parker ved Gullblokka

–Der har vi plass til nesten alle dei påmelde køyretøya, men ikkje alle. Det er difor viktig at vi kan få bruke heile plassen. Difor vil vi be om at denne ikkje vert nytta til parkering av andre i løpet av treffet, seier Rangsæter.

Dei som har båten sin liggande i småbåthamna i Ulsteinvik nyttar gjerne delar av plassen til å parkere bilen på medan dei er på båttur.

– Dersom du har planar om å reise på båttur i pinsehelga, vil vi be deg om å parkere ein annan stad. Det er rett og slett ikkje plass til fleire enn bussane dei dagane treffet varer. I verste fall vert vi nøydde til å slepe bort bilar som står parkert der, dersom det ikkje finst nokon annan måte å få flytta dei på, seier han.

Det er tilgangen på parkeringsareal, i kombinasjon med tilstrekkeleg med overnattingsstader, som er avgjerande for om ein stad eignar seg til å arrangere veteranbusstreff. Såleis var Ulsteinvik ein veleigna stad å ha treff når det no var Rutebilhistorisk forening avd. Sunnmøre som tur å stå som arrangør.

–No har vi fylt opp både hotellet og folkehøgskulen i Ulsteinvik, i tillegg til å sende overnattingsgjester til Fosnavåg og Flø, fortel Ola Rangsæter.

For den som ikkje berre er interessert i rutebilhistorie, har arrangørane lagt opp til utflukter i distriktet, med verftsbesøk og turar til Runde og Brandal.

Rosar kommunen

Han kan ikkje få rosa Ulstein kommune nok for hjelpa dei har fått med å legge til rette treffet.

– Vi har blitt møtt med ei positiv haldning heile vegen og fått «ja» uansett kva vi har spurt om, seier Rangsæter.

Aktivitetshuset på Vikholmen vil vere eit møtepunkt under treffet og her vert det både sal av mat og ei rutebilhistorisk fotoutstilling. Det vert fri inngang både for å sjå nærare på alle rutebilane og for å ta ein titt på fotoutstillinga.

Den som har lyst til å kome ytterlegare i kontakt med norsk rutebilhistorie kan bli med når bussane køyrer i kortesje frå Ulsteinvik til Hareid.

–Det er berre å finne seg ein buss og bli med, seier Rangsæter som elles kan opplyse om at medan dei køyrer om Strandkrysset og inn på hovudvegen til Hareid, vil dei legge ruta innom Varleite og Bugarden på returen.

– Vi har prøvekøyrt traséen, så det skal gå bra, meiner han.

Lokal kjentmann

Arrangørane har elles alliert seg med Arve Moldskred som lokal kjentmann. Arve var sjølv med å drive K. Moldskreds rutebilar saman med faren Kolbjørn. Rutebilselskapet, som vart skipa i 1934, vart ein del av Sørøybuss sommaren 1982.

– Det er nok ingen av bussane våre som framleis eksisterer, seier Arve. På femtitalet var det ifølgje Rutebilhistorisk Forening avd.. Sunnmøre over 90 rutebilselskap i sving i Møre og Romsdal. Nokre av køyretøya til desse vert å sjå i Ulsteinvik i pinsehelga.

Gode bussar: I pinsehelga ønskjer Rutebilhistorisk Forening avd. Sunnmøre velkomen til veteranbusstreff i Ulsteinvik. F.v. lokal kjentmann Arve Moldskred saman med Tor Sindre Grønningsæter og Ola Rangsæter frå styret i Rutebilhistorisk Forening avd. Sunnmøre.