Dagrunn Kvammen skriv om barndomen på Hareid på 1950-talet:

Det heiter seg at sommardagane i barndomen alltid var blå. Det kan knappast stemme for Nordvestlandet. Men på dei blå dagane hadde vi den lekraste badestranda ein kunne ønskje seg. Dette var før nyevegen, rådhuset og det nye ferjeleiet. Vi rusla nedover råsa i Åsendalen og møtte eit belte av høgt gult siv før sanden og sjøen kom til syne. Utstyrt med bilslangar frå Eilertsen (bilverkstad og drosjetenester)låg vi og duppa på bøljetoppane. Og på land venta flaska med solvarma råsaft og brødskiver med sveitt brunost, alt smaka himmelsk.

Innimellom streifa vi femtitalls-ungane rundt i bygda anten på eiga hand eller på oppdrag frå mødrene våre. Og det var mange oppdrag, eller ærend som vi sa. Eitt av dei eg hugsa godt var å hente posten. Posthuset (no restaurant) låg der med tallause boksar langs alle veggane. Det var ein stol i lokalet som eg måtte drage bort under vår boks og klatre på for å få ut posten. Spaninga gjekk alltid ut på om det kunne vere ein ordre der til einmannsbedrifta vår i kjellaren. Og var det ordrar sprang eg lett heim. Då vanka det gjerne vaflar til nonsmaten kl 17, før siste arbeidsøkta i kjellaren. Eg stava meg fram til adressaten, det kunne vere husfliden på Lillehammer eller det eksostiske Magasin du Nord frå København, alle ville dei ha teakbollar som far min arbeidde fram i kjellaren vår.

Det skulle hentast mjølk på Nelabrekkane eller seinare på mjølkeutsalet hos Jacobsen på øvre, ytre Hareid. Det var ein uendeleg lang tur. For meg som då var ganske lita blei oppdraget delt med ei eldre syster. Eller rettare sagt eg var vel som assistent å rekne. Vi hadde to spann, ei stor for søtmjølk og ei mindre for surmjølk eller saup som vi sa (skumma kultur). Mitt oppdrag var i utgangspunktet den minste spanna, eller saupspanna, men det endra seg fort, før vi hadde gjort unna Drammensvegen hadde den største spanna hamna hos meg. Turen var lang og spannene tunge så det blei mange pausar. Mens vi sat der på grasbaren i vegkanten kom vi fort i prat med dei som passerte, det vil seie systra mi kom i prat med dei. Ho var den målberande og den mest kontaktsterke. Ho hadde også ein gallopperande fantasi, ho la ut «fakta» frå familien Kvammen som eg korkje hadde sett eller høyrt om før. Som til dømes at ho Dagny Lovise (mor) røykte som ein skorstein, at eg, veslesystra, kom inn i familien som eit hittebarn funnen på ei trapp i Ålesund eller at ho sjølv ikkje var døypt. Ho kunne også underhalde forbipasser med ein song i ny og ne. Dette blei det pengar av av og dermed vanka det Smørbukk-karameller også på assistenten.