Gratulerer med dagen! Tenk at no er dagen her! Sola skin og himmelen er blå og det kan bli ein flott 17. mai.

Send oss gjerne bilete frå feiringa di av dagen. Kanskje du går i tog, et is eller spring om kapp med naboen med ein potet på ei skei?

Gå gjerne nært inn på motivet. Om du tar bilete av andre enn deg sjølv eller hunden din: spør om løyve før du sender det inn til oss.

Fint om du skriv kvar biletet er tatt og kven/kva det er bilete av.

#vikebladet17mai

redaksjon@vikebladet.no

Merk e-posten med 17. mai-bilete