I korpsbygda Hjørungavåg held dei på tradisjonen med to tog. Først ut var barnetoget klokka 10, som gjekk frå skulen og til Liaset og tilbake. 14.30 gjekk borgartoget. Dei går frå skulen og heilt ut til Engane og tilbake til skulen.

På programmet elles i Hjørungavåg stod det mellom anna leikar og fantetog på skuleplassen. Det var også høve til å kjøpe seg ein matbit og slå av ein prat både på Jomsvoll og på skulen. Nasjonaldagen vart avslutta med folkefest på skulen der musikalske krefter i bygda tok del.