– Veteranbusstreffet i Ulsteinvik har vore heilt suverent, seier leiaren i Rutebilhistorisk Forening, Kåre Karlsen.

– I alt har det deltatt 75 køyretøy og 400 personar med stort og smått, seier Karlsen som meiner at Ulsteinvik absolutt har innfridd som arena for denne typen treff.

– Stor velvilje

– Vi har blitt møtt med stor velvilje frå kommunen, både frå kulturavdelinga og teknisk avdeling, rosar han. Også oppstillingsplassen ved Rolls-Royce, med tilgang til Vikholmen aktivitetshus var ideell til formålet.

– Dei fleste bilane har ei eiga støtteforeining. Det finst likevel nokre bussar som er i privateige, men det er ein temmeleg dyr hobby å skulle halde ein heil buss ved like, seier Kåre Karlsen

I alt har Rutebilhistorisk Forening knappe 1600 medlemmer og rundt 150 historiske køyretøy.

– Oppslutninga varierer litt alt etter kvar i landet veteranbusstreffet vert arrangert. Her i Ulsteinvik mangla det mange frå Austlandet og Sørlandet, men til gjengjeld var det ein god del bussar frå Hordaland og Sogn og Fjordane som tok del, seier Karlsen.

Den mest langvegsfarande bussen kom heilt frå Harstad og tilbakela i alt 270 mil fram og tilbake til Ulsteinvik.

Bra besøkt

Mange frå distriktet nytta høvet til å besøke rutebilmønstringa som var open for publikum både laurdag og søndag. Rutebilar frå fylket vårt var naturleg nok godt representert, men nokre sakna kanskje bilar frå rutebilselskapa på ytre søre.

– Eg er usikker på om det framleis finst nokon att av dei gamle køyretøya som gjekk i rutetrafikk her ute på øyane, seier Petter Ulvestad.

Han er leiar i Sunnmøre Rutebilhistorisk Forening som står for det praktiske i samband med arrangementet.

Det er nemleg nokså strenge reglar knytt til deltakinga på treffet. Ein kan til dømes ikkje berre finne ein tilfeldig gamal buss og måle denne opp att i fargane til eit av dei lokale rutebilselskapa.

–Nei, det er viktig at alt er originalt. Det er også eit krav at alle bussane må ha gyldige skilt, forklarer Petter Ulvestad.

På det meste var 90 rutebillag i sving i Møre og Romsdal. I dag er all rutetrafikk lagt ut på anbod for å kutte kostnadar

– Men samstundes vert det store mangfaldet borte, det same gjeld privat eigarskap, seier Ulvestad.

Dei som gjesta veteranbussmønstringa i Ulsteinvik fekk likevel eit lite inntrykk av det store mangfaldet som norske rutebillag i si tid utgjorde.

På programmet stod sjølvsagt kåring av dei flottaste bilane i si klasse. I klassen for dei aller eldste køyretøya - frå før 1929 - var det elles Sunnmøre RHF som stakk av med sigeren med den pietetsfullt restaurerte Spjelkavikruten. Bilen hadde opphaveleg gjort teneste som rutevogn på strekninga Vegsund - Spjelkavik - Ålesund, men vart seinare nytta som traktor ved eit gardsbruk i Tomrefjord. Tidleg på 90-talet overtok Sunnmøre RHF bilen og sette han i stand til fordums prakt.

Ulsteinvik har vore ein suveren plass å arrangere veteranbusstreff på, seier leiaren i Rutebilhistorisk Forening, Kåre Karlsen (t.v.) og Petter Ulvestad, leiar i Sunnmøre Rutebilhistorisk Forening som stod som arrangør av årets treff.