Dei mest lengvegsfarande gjestene under Rutebilhistorisk Forening sitt landsstreff i Ulsteinvik var deltakarane frå Harstad. Dei tilbakela til saman 2700 kilometer for å kome seg til og frå Ulsteinvik.

- Bussen har servo og er lettkøyrd, seier Per Ole Rustad som var ein av dei tre sjåførane som fekk bussen, ein 1968-modell Scania Vabis, trygt til Ulsteinvik. Bilen vart registrert første gong 3. januar 1969 og tilhøyrde då rutebilselskapet Harstad Oppland Rutebil. I dag er det RHF Sør-Troms som eig bilen. Bussen er elles utstyrt med 150 hestekrefter og har plass til 39 passasjerar.

- Det er artig å vere med på treff, seier sjåfør nummer to, Guttorm Eilertsen som ei forklaring på kvifor dei har tatt den lange turen. Han fortel at dette er sjette gongen dei deltek på veteranbusstreff i regi av Rutebilhistorisk Forening. Bussen var ferdig registert i 2012 og deltok då på treff på Røros.

Reisa sørover starta 16. mai. Nasjonaldagen vart tilbragt på veg gjennom Trøndelag. Etter to dagar med treff vert det å snu nasen heimover att. Vegen går over Strynfjellet via Otta. Då sparer dei seg for ein del ferjer på den tre dagar lange ferda heim.