Opplev Hareid 14.–17. juni:

Ny giv for Opplev Hareid

Etter ei lita pause er Opplev Hareid tilbake for fullt denne sommaren.

Opplev Hareid: Frå 14. til 17. juni blir det godt med aktivitetar i sentrum av Hareid. Etter eit års pause er Opplev Hareid tilbake. Idar Flø, Lene Veiseth, Annika Brandal, Ragnhild Velsvik Berge, Stein Erik Flø, Bente Andreassen Pilskog og Sigrid Jønsson håpar mange vil legge turen til Hareid i løpet av festivaldagane. Foto: Andreas Steinnes Bjerknes.  Foto: Andreas Steinnes Bjerknes

Kultur

– I fjor låg Opplev Hareid brakk, men det ønskte vi ikkje skulle skje i år også, fortel Bente Andreassen Pilskog.

Saman med resten av arbeidsgruppa for årets festival møtte ho Vikebladet Vestposten på Melshorn Hotell.

– I år blir blir festivalen arrangert meir som ein dugnad, basert på frivillig arbeid, fortel ho.

– Tidlegare var det ein dagleg leiar i Hareid næringsforum som styrte med alt, meir eller mindre åleine. No engasjerer vi mellom anna småbåtlaget, Hareid kyrkje, butikkgruppa, politikarar, skule, biblioteket, Polarstar, Melshorn hotel, speidaren og Hareidlandet triatlon. Massevis av frivillige krefter bidreg og det trur eg også er det rette for framtida. At vi har ei arbeidsgruppe som dreg vekslar på sine ressursar og får laga eit arrangement som dekkjer heile kommunen, seier Idar Flø.

Engasjement og trivsel

Annika Brandal skyt inn at ein denne gongen spelar på ein del ting som uansett skulle skje i Hareid, men der ein no får samla og profilert det under ei fane.

– Vi får fire dagar der vi lagar ein «happening» i Hareid, som skapar både engasjement og trivsel. I Hareid skjer det veldig mykje, men ofte så er det spreidd rundt om i kommunen. No komprimerer vi det litt meir slik at vi skapar ein opplevingsbulk sommarstida. No har vi også flytta festivalen fram frå juli til juni, sidan mange har ferie og reiser vekk i den tida Opplev Hareid har vore arrangert tidlegare, seier Andreassen Pilskog.

Under Opplev Hareid blir det mellom anna «Pop up»-kafé i sentrum, konsertar med både Hareid skule, Musikklaget Melshorn og elevar frå Hareid musikk- og kulturskule, samt ein familiekonsert med lokale heltar. I tillegg blir det ei rekkje ulike aktivitetar rundt om i Hareid sentrum der både butikkar og andre har opplegg knytt til festivalen. Arbeidsgruppa for Opplev Hareid har godt håp om at mange vil ta del under årets Opplev Hareid.

– Vi ønskjer å framsnakke og bygge på det positive vi har. Minne kvarandre på alt det positive som skjer i Hareid, fortel Annika Brandal.

Støtte frå banken

Arbeidsgruppa fortel at det ikkje er store budsjettet som ligg til grunn for årets festival, men Opplev Hareid har fått 40.000 kroner i TEFT-midlar frå Sparebanken Møre og det kjem svært godt med.

– Då får vi mellom anna gjennomført ein kjempeflott konsert i parken på laurdag, samt eit aktivitetsopplegg på søndagen. Banken er svært viktige for at vi skal kunne klare å gjennomføre dette og vi er veldig glade for støtta derfrå, fortel Annika Brandal.

Også Hapark er med på spleiselaget når Opplev Hareid blir arrangert. Dermed får besøkande til Opplev Hareid parkere gratis i tre timar på bankplassen på Hareid.

Viktig med møteplassar

– Det er behov for møteplassar og fellesarrangement i Hareid. Vi må klare å halde på tradisjonar som julegrantenning, Opplev Hareid og slike arrangement, for det er så viktig for både samhald og trivsel i kommunen. Vi ønskjer å vere med på å skape noko og så lenge nokon er der for å dra i trådane så stiller folk opp, seier Bente Andreassen Pilskog.

Gruppa som har arbeidd med å få Opplev Hareid på beina igjen verkar også å vere svært engasjerte.

– Eg vil bygda vel. Eg ønskjer at ungane som veks opp her skal ha det kjekt og få gode opplevingar. Det er det som er drivkrafta mi, fortel Andreassen Pilskog.

Gjennom arbeidet med årets festival har det også dukka opp planar og idear som ein ikkje får gjennomført denne gongen, men som til dømes kan leitast fram att til neste års festival.

Kulturbygda

Arbeidsgruppa har også nokre ønskjer før ein kjem så langt. Dei håpar mellom anna på at parken i Åsendalen kan stå fram i ny prakt før 2019-utgåva av Opplev Hareid.

– Eg ønskjer meg veldig ei scene og paviljong der, det har eg hatt lyst på i mange år, fortel Lene Veiseth.

Ho har mellom anna skrive musikk til laurdagskonserten i parken og meiner det er svært viktig at ein kan ha arrangement som Opplev Hareid.

– Hareid er jo ei kulturbygd og vi har utruleg mykje å vise fram. Då treng vi også slike dagar, slik at vi får presentert litt av det vi har å by på, seier Lene Veiseth.