Vikebladet Vestposten tok turen innom då Ulstein Storband øvde saman med ein del av dei unge vokalistane, eller stjerneskota, som skal vere med på konsertane i Fosnavåg Konserthus fredag og i Sjøborg Kulturhus laurdag.

Rode og lokale talent

Det er Kaja Rode, kjent mellom anna for sin innsats i «The Voice», som er hovudartisten under dei to konsertane, men ho er ikkje åleine om å dele scenen med Ulstein Storband denne gongen. For i tillegg til Rode ska ei rekkje lokale songarar opptre.

I Ulsteinvik er det Erlend Fiskå Ødegård, Olav Grimstad Arnesen, Brigitta Hauge, Emilie Hjelle Skeide, Emilie Liaset, Tomas Håndlykken og Sofia Gjerde Tonev som skal bidra. Sistnemnde gler seg stort til å stå på scenen saman med Ulstein Storband.

– Dette har vore ei unik oppleving, det synest eg. Det har vore veldig kjekt og noko heilt anna enn det eg er van med, fortel Sofie Gjerde Tonev.

– Ei oppleving å få vere med på

For det blir litt forskjell på å stå åleine på scenen med berre ein gitar samanlikna med å ha eit heilt storband i ryggen.

– Vanlegvis er det meir pop og akustiske songar eg har brukt å synge, men eg har alltid drøymt om å få spele med eit storband. Det er som om lyden eksploderer rundt deg, fortel ho.

På konserten med Ulstein Storband skal ho framføre «Quando, quando, quando».

– Det er heilt annleis enn det eg brukar å gjere og det har vore litt utfordrande, med andre teknikkar enn eg vanlegvis brukar, men det har vore veldig kjekt og ei oppleving å få vere med på.

Gjerde Tonev synest det er veldig gøy at Ulstein Storband har valt å gje sjansen til unge og lokale artistar.

– Det er skikkeleg bra. Ikkje berre for å få vise fram dei lokale talenta, men også fordi det ikkje er så vanleg for dei yngre å lyte til storband. Då kan ein kanskje få introdusert fleire til storband-musikk for første gong, seier ho.

Vil nå eit større publikum

Det er også litt av grunnen til at Ulstein Storband denne gongen har gått vekk frå dei meir etablerte artistane, og heller satsar på yngre krefter.

– Dette er kjempespanande! Det er nokre imponerande stemmer vi har fått med oss. Eg blir heilt overvelda over at det er så mange fantastiske «stjerneskot» som vi har fått med oss på denne konserten her, fortel Gry Sigvaldsen og Helga Hatløy Hagen i Ulstein Storband.

Gjennom å vise fram fleire talentfulle, unge songarar frå distriktet håpar også Ulstein Storband på å nå ut til eit yngre publikum.

– Det er mange som ikkje vent kva eit storband er for noko. Det er jo kjempekul musikk, men det er mange som ikkje har nokon relasjon til den type musikk. Då kan dette vere ein fin måte å invitere eit nytt publikum, og at vi kan gje dei ei forståing av kva storband-musikk eigentleg er for noko. Og kanskje fører det til meirsmak? seier Hatløy Hagen.

Gry Sigvaldsen fortel at ein mellom anna har sett ved å arrangere «Christmas Dinner Show» også har nådd ut til ein del som vanlegvis ikkje har vore faste storband-publikummarar og no håpar Ulstein Storband at det same kan skje med «Stjerneskot»-konsertane.

– Det er dei som trur at vi driv med korps-musikk, men vi ønskjer å få vist fram kva vi faktisk held på med. Det er nok ikkje for alle, men eg er heilt sikker på at storband-musikk passar for veldig mange fleire enn berre dei vi har som publikum i dag, forte Sigvaldsen.

Kaja Rode er hovudartisten på Ulstein Storband sine "Stjerneskot"-konsertar i Ulsteinvik og Fosnavåg.