Stipendet er på 15.000 kroner og 17 år gamle Svenning Veiseth er ein av ti talentfulle ungdommar i Møre og Romsdal som er tildelt stipendet i år.

Det er Norsk Tipping som deler ut stipendet, i samarbeid med Norges kulturskoleråd.

– Det er eit trongt nålauge å komme gjennom, sa Ståle Brattelid frå Norsk Tipping som overleverte stipendet i samband med sommarkonserten til Hareid musikk- og kulturskule sist onsdag.

– Visjonen vår er «Gi draumen ein sjanse». Då handlar det ikkje berre om å få sju rett i Lotto. Tanken er også å kunne inspirere born og unge innan kultur og idrett slik at dei kan nå sine draumar, sa Brattelid.

– Vi er kjempestolte av å ha deg her i Hareid, sa Ottar Røyset som representerte Hareid kommune.

– Eg er glad for at ordføraren er bortreist, slik at eg fekk oppgåva med å bere fram ei helsing frå kommunen, sa Røyseth som rosa Svenning Veseth for å vere ei inpirasjonskjelde for mange.

– Vi ser kor flink du er til å ta vare på dei yngre og korleis dei ser opp til deg, sa han.

– Det er fantastisk å ha ein slik spydspiss i mellom oss. Eg er privilegert som får jobbe med slike elevar som Svenning, sa rektor ved Hareid musikk- og kulturskule, Torgeir Hauge, som også er pianolæraren til Svenning. Han minte om at ingen ting kjem av seg sjølv.

«Vil du gå heilt ned på detaljnivå?», har eg spurt om. Så har Svenning arbeidd med fire takter i ei heil veke, til neste undervisningstime.

Stipendmottakaren takka for gåva og rette også er særleg takk til pianolæraren sin.

– Han inspirerer meg. Berre sjå, eg har til og med tatt til å spare til langt hår, sa stipendvinnaren og gløtta spøkefullt bort på sin hårprydde læremeister.

Veiseth har hatt pianoundervisning i 10 år.

– Det har ikkje alltid vore like gøy, innrømmer han.

– Det var først då eg innsåg at eg hadde blitt ganske god at det vart skikkeleg kjekt, seier syttenåringen som snart er ferdig med sitt første år ved musikklinja ved Volda vidaregåande skule.

Stipendpengane skal han bruke til å kjøpe ein synth.

– Målet mitt er ikkje å verte pianist. Målet er å kunne bruke det eg har lært som ei plattform til å jobbe med mange typar musikk, seier han.

Han spelar i bandet Ufokusert som har medlemmer frå Ørsta, Herøy, Sande, Ulstein og Hareid. I tillegg er han med i orkesteret til Hareid Ten Sing og så spelar han tuba i Hareid skulekorps.

– Eg lagar også elektronisk musikk, fortel Svenning Veiseth,

Stipendmottakaren framførte eit klaverstykke av den tysk/danske komponisten Friedrich Kuhlau. I tillegg fekk publikum i løpet av sommarkonserten høyre ei rekkje andre elevar framføre musikk i ulike sjangrar.