– Det viktigaste for oss er vise glede og å skape engasjement. Vi håper dei som besøker utstillinga vår kan ha fått litt meir energi av å vere her, seier Bjørg Hofset.

Ho og dei andre malarinnene i Fargeleik inviterer til ny utstilling. Førre utstilling var på Krukkehuset før jul i fjor, denne gongen stiller dei ut i andre etasje på kjøpesenteret Amfi i Ulsteinvik.

Utstillinga opna torsdag under Smak av Ulstein.

– Ustillinga er opa så lenge senteret er ope, seier Bjørg Hofset.

Fargeleik er ein gjeng på sju kvinner som møtest annakvar veke på garasjeloftet til ein av medlemmene for å male og ha det kjekt i lag.

Salgsutstillinga, som vil henge oppe til 18. juni, omfattar rundt 90 bilete i ulike storleikar.