Ulstein og Herøy mannskor hadde i løynd øvd inn den estiske nasjonalsongen for å overraske damekoret frå Estland i samband med konserten i Ulstein kyrkje torsdag kveld.

Koret frå Paide i Estland hadde med seg for oss nye og ukjende korklangar. I sine vakre linkjolar framførte dei eit knippe songar frå heimlandet, og tonane førte tankane over Austersjøen til slettene og bjørkeskogane nord i Baltikum.

Mange av songane har eit meir lavmælt og audmjukt preg enn det vi har tradisjon for her heime, men med spanande og uvande klangar og akkordar. Eit unntak frå det meir rolege lydbildet var eit suggererande verk av Estlands store korkomponist Veljo Tormis.

Kora hadde også øvd inn tre fellesnummer og damene i Paide Naiskoor imponerte med tekstuttalen på «Fager kveldssol smiler». Mennene sleit kanskje litt meir med teksten på Tuntud Laulu, Vårt liv, også dette ein song som Veljo Tormis har hatt si hand bort i.

Etter at formannen i Ulstein mannskor, Otto Botnen, hadde ønskt velkomen, opna Ulstein og Herøy mannskor med ei avdeling spirituals. Mot slutten av denne avdelinga pensa dei seg inn mot gjestene og framførte «Til Østerland vil jag fara», før dei glimta til med den estiske nasjonalsongen som ein hyllest til dei estiske gjestane. Damene frå Estland såg på si side ut til å setje stor pris på overraskinga.

Konserten vart avslutta med ei avdeling med tradisjonsrik mannskorsongar som «Naar fjordene blaaner» og «Høgt frå den himmelske klåra». Ulstein og Herøy mannskor avslutta denne avdelinga med «Ja, vi elsker»

Mannskoret overrekte gåver til gjestane. Kvar kvinne i koret fekk eit eggeglas, dekorert som figurar med ulike norske bunader. Dirigent Ülle Laas fekk også boka «Frå havrand til alpeland» som syner distriktet vårt frå si aller beste side.

Også vêrmessig var Sunnmøre på sitt vakraste. Trass i ein nydeleg sommarettermiddag, makta konserten å samle ei trekvart full Ulstein kyrkje. Rett etter konserten i Ulsteinvik gjekk turen ut til Herøy kyrkje.