I morgon, søndag 10. juni, er det historielags-vandring «Oppi Gjerda». John Osnes skal fortelje om tunet Gjerde i Ulsteinvik sentrum, og Vigdis Grønmyr Mork skal fortelje om jonsokfeiringa i Gjerde-løa på 1950- og 60-talet. Då høver det godt for «Gårsdagen» å bruke eit foto frå jonsokfeiringa i Gjerde-løa, truleg i 1955.

Torill Aarseth Heimdal, hugsar godt at dei stilte opp til fotografering ved sida av huset til Olivia og John Hasund.

I bakgrunnen ser vi kjellarmurane til huset som Helge Osnes bur i i dag, og endå lenger oppe ser vi murane på Gjerde-løa, der jonsokfeiringa skjedde. Inne var løa pynta med kreppapirlenkjer og bjørk, og framfor siloen var det hengt opp ein engel som illuderte altaret der brudeparet skulle vigslast.

Raud brus og kjeks var festkosten, og ofte kom Olav Vikebakk for å leie stunda med folkeviseleik. Festlyden var også ofte ein tur ned i Ulsteinvik sentrum, slik at innbyggjarane skulle få sjå brudeparet og resten av følgjet.

Med på bildet, framme frå v.: Annbjørg Osnes, Liv Osnes, Unni Dragsund, Annlaug Osnes (brud), John  Osnes (brudgom), Oddrun Osnes, Reidar Vikebakk, Vigdis Grønmyr (bak), Anne Vikebakk, Heidi Andersen og Synnøve Overvåg. I 2. rekke frå v.: fantane (truleg) Margrete Osnes, Annbjørg Bakke og Marit Sundgot. Presten er ukjent, så følgjer Sverre Osnes, Jarle Andersen, Rigmor Osnes Inger Sølvi Grønmyr, Bodil Waage og Torill Aarseth. Bak frå v.: Jonfinn Ulfstein, Per Bakke og Johan Osnes. Truleg er det Randulf Ulfstein som er fotograf. Fotoet er utlånt av John Osnes.