Instrumentalen «Minor Flirtation» opna konserten på Sjøborg laurdagskvelden og med denne framføringa sette dei standarden for kvelden. Blåsarane i storbandet er i seg sjølv ein nyting å høyre på, og når dei så toppar lydbildet med eminente musikarar som Rune Ertesvåg på gitar, ja då vert livet godt å leve.

Det er Øyvind Granden Berg som dirigerer Ulstein storband. Kveldens konferansier var Trond Ihle. Ulstein storband hadde ein tilsvarande konsert kvelden før i Fosnavåg, men då med stjerneskot frå Herøy.

The Voice-deltakar og tidlegare ulsteinvikar Kaja Rode var kveldens hovudgjest, men konserten hadde også fleire lokale stjerneskot å by på.

Storbandklassikaren «The girl from Ipanema» vart framført av Emilie Skeide, medan Erlend Fiskå Ødegård song «Everything» av Michael Bublé, ein musikar som storbandet heidra med ein eigen konsert for fem år sidan, «Smak av Bublé». Bublé hadde også skrive songen som Brigitta Hauge framførte, «It’s a beautiful day», og forsyne meg har ikkje Bublé også vore bort i den gode gamle bossanova-låta «Quando, quando, quando» frå 1961. Ettersom Bublé er fødd i 1975 seier det seg sjølv at det ikkje er han som har komponert den, men han har framført den og det gjorde også Sofie Tonev.

Emilie Liaset med «Feeling Good», Olav Grimstad Arnesen med «I wish» og Tomas Håndlykken med «An Englishman in New York» var også i elden, sistnemnde fekk til og med synge duett med Kaja Rode i den romantiske «Something stupid».

Kva høvde vel betre mot slutten av nok ein solsommardag, å høyre «Summertime» frå musikalen Porgy and Bess, elegant framført av Kaja Rode. Det seiest at det finst over 40.000 innspelingar av denne vakre songen som George Gershwin ferdigstilte melodien til i 1935.

Frå ein annan musikal er «Over the rainbow». Saman med gitarist Rune Ertesvåg framførte ho ei stillferdig og var utgåve av denne nydelege songen.

Meir mystikk og dramatikk er det i James Bond-låta «Skyfall», frå filmen med same namnet. Kaja Rode avslutta med «I will always love you», opphavleg komponert og framført av Dolly Parton, men det er vel først og fremt Whitney Houston som har gjort denne songen kjend for eit breitt publikum.

I tillegg til alle solistinnslaga, fekk publikum også oppleve fleire reine instrumentalar, der ein verkeleg fekk høyre kor samkøyrt Ulstein storband er.

Konserten vart avslutta med eit ekstranummer etter at publikum hadde gitt storbandet ståande applaus. Til tonane frå «I dovregubbens hall», i ein noko meir jazza versjon enn originalen (det er nok difor denne moderne utgåva heiter «In the hall of the mountain king»), vart ein vellukka konsert runda av.