På grunn av den langvarige tørkeperioden har det som kjent blitt innført forbod mot å gjere opp eld i skog og mark.

Denne helga har 110 speidarar frå Ulsteinspeidarar gjennomført den årlege overnattingsturen på Hatløya, men på grunn av bålforbodet måtte dei i år greie seg utan opptenning av noko slag. Dei fekk høve til å koke vatn på Hatløyskulen, men noko leirbål såg det ikkje ut til å verte denne gongen.

Eit lyst hovud hadde likevel ei løysing på problemet. Ved hjelp av moderne teknologi i form av ein pc og eit filmopptak av levande flammar kunne speidarane likevel trygt kose seg rundt bålet. Røykfritt var det og.