Dirigent Thomas Swatland hadde lagt opp eit tett skjema for helga, litt for tett skulle det syne seg. Etter å ha vore i bryllaup var planen å lande på Hovden klokka 13.15. Diverre ville vêrgudane det annleis. Tjukk skodde gjorde landing umogleg, noko musikklaget fekk melding om berre få timar før konserten.

Noko direkte panikkstemning på grunn av mangel på dirigent vart det likevel ikkje.

– Vi har drive med dette i så mange år at vi veit at det plar ordne seg, seier leiaren i Ulf, Bjørn Skodjevåg.

Og ordna seg gjorde det. Frode Dalhaug har dirigert ULF i to år, men i år har han tatt pause og har vore å finne i musikklaget si perkusjonsavdeling i staden. Han tok på seg dirigentjobben på sparket.

– Synd at Thomas ikkje kunne vere her. Han har dirigert Ulf det siste året og dette skulle vere avskilskonserten hans, fortel Skodjevåg. Frå hausten av er det Frode Dalhaug som tek over taktstokken att.

Småbord, kaffe og kaker

På Sjøborg vart det laga til med småbord og publikum fekk dermed hygge seg med kaffi og kaker, i tillegg til flott janitsjarmusikk.

– Det vart litt meir schwung over dette enn ein vanleg musikkafé, litt meir Club Sjøborg-aktig, seier Skodjevåg.

Musikklaget hadde ei rekkje jantisjarklassikarar på programmet, mellom anna fekk publikum høyre «Bojarenes inntogsmarsj» av Johan Halvorsen, eit stykke som i alle fall dei litt eldre hugsar som kjenningsmelodien til Ønskekonserten på NRK. Også Valdresmarsj, kåra til Noregs nasjonalmarsj så seint som i år, stod på repertoaret. Men Musikklaget Ulf framførte også meir stillferdige stykke, som til dømes «Ved Nesland kyrkje», med Marit Ertesvåg som solist på altsaksofon.

No tek musikklaget ferie, men i august startar dei opp att.

– Vi håper då på at mange nye medlemmer vil møte opp, seier Skodjevåg. Rekruttering er viktig, også i Musikklaget Ulf.

Sommarkonserten var med på å runde av ei innhaldsrik Smak av Ulstein-helg.

Frode Dalhaug steppa inn som dirigent etter at Ulf din faste dirigent det siste året, Thomas Swatland, ikkje rakk fram i tide på grunn av forseinkingar i flytrafikken.