Publikumsrekord på Festspela

Fredagskvelden stod Sigrid Moldestad på scenen i Uteamfiet på Aasen-tunet. Amfiet var fullsett av folk.  Foto: Humberset Foto

Kultur

Ny festspeldato førte til at fleire publikummarar fann vegen til Dei nynorske festspela førre veka. Det førebelse gjestetalet på 7823 er det beste nokon gong.

Tidlegare har festspela blitt gjennomført etter skuleferien startar, men no som dei la festspela til tidlegare i juni, fekk ein del skular forfattarbesøk, noko som også drog opp besøkstalet.

– Det er særleg gledeleg at dei mange programpostane om språk og litteratur nådde ut til så mange, både til allmenta og til meir enn tusen skuleelevar. Slikt gir meining for ein institusjon som arbeider med heile den nynorske skriftkulturen, seier dagleg leiar Gaute Øvereng i Ivar Aasen-tunet i ei pressemelding.

Festspeldiktar Marit Eikemo takkar for tilliten og fire fantastiske dagar: –  Takk til eit strålande entusiastisk publikum som fylte salane på alle arrangement og som bidrog til den fabelaktige festivalstemninga. For meg har dette vore eit eventyr, ein festival med høgt fagleg nivå på alle arrangement, interessante,  overraskande og underhaldande samtalar og strålande konsertar, seier Eikemo, som også fekk overraskande mange sunnmøringar til å ete hakkasteik frå Hardanger, som var festspeldiktarens favoritt på kafémenyen.

70 programpostar

70 programpostar med høg kvalitet og stor variasjon i innhald har gitt publikum alt frå gode samtalar om festspeltemaet identitet, tingingsverket Ferdaminne av Tord Gustavsen, operaen Kimen av Magnar Åm, ei særeigen, litterær vising av eit hus til sals med Frode Grytten og festspeldiktaren, mykje liv i sentrumsgatene og sterke, musikalske opplevingar i uteamfiet i Ivar Aasen-tunet.

– Godt samarbeid med lokalmiljøet og innsatsen til den faste staben, alle ekstrahjelpene og dei mange frivillige er heilt avgjerande for at Dei nynorske festspela kan vere så innhaldsrike og femne så vidt som me gjer, seier programansvarleg Olav Øyehaug Opsvik, som er svært nøgd med å ha flytta Festspela til tidlegare i juni. – Det har gitt oss mange fordelar og nokre få ulemper å framskunde Festspela, samstundes som me ser grep me kan gjere til neste år for å bli endå betre.