Torsdag ettermiddag var det planlagt konsert i parken med alle elevane ved Hareid skule. Men no er det meldt storm den dagen, så arrangørane har vald å flytte konserten "Sommar og skulefri" innandørs til Hareidhallen.

Framsyninga kjem til å vere ei oppleving for folk i alle aldrar.

Hareid folkebibliotek er der med "Sommarles", og det blir dans og bevegelse med Hege Holstad. Ordføraren spanderer is til alle borna.

Kafeen til Polen-komiteen blir også flytta dit.

Kom å få med deg denne flotte sommarfesten med song, leik og felles moro! DET ER SNART "SOMMAR & SKULEFRI"!

Under Opplev Hareid er det planlagt fleire arrangement i parken fredag, laurdag og sundag. Om dei også blir flytta innandørs vil dei ta stilling til torsdag ettermiddag.