Onsdag ettermiddag var det kakefest for eit tipp topp nytt sanitærhus på Overåsanden.

- Berre stavane på langveggane og ringmuren er att frå det forrige sanitærhuset. Elles er alt nytt, fortel Ronny Nipen i Rise Bygg, som har hatt snekkararbeidet.

Elles er alt nytt. Innvendig er der tre ordinære toalett pluss eit handikaptoalett med dusj. Til handikap-romet har saniteten gitt eit stellebord for småborn.

Einingsleiar Christina Steffensen fortel at huset vil vere ope i sommarhalvåret frå klokka 8 til 20. Opning og låsing av ytterdøra blir styrt elektronisk.

Det er høve til utvida opningstid i spesielle tilfelle.

Ordførar Anders Riise fortel at det er valt jordfarge på bygget for å framheve 1000-årsmonumentet. Det forrige sanitærhuset var raudt.

Ordføraren rosar elles alle som har vore med på dugnadsarbeid rundt om i området, slik at Overåsanden no står fram som ein sterk kandidat til å kome med på ei liste over landets flottaste og best tilpassa badestrender.

Han understrekar elles at Oversåanden er ei badestrand og ikkje ein campingplass.

I tillegg til Rise Bygg har Hareid Rør levert dei sanitære løysingane, Hareid Group har teke seg av elektronikken, medan Roger, Ivar og Birger Finvik har hatt flisarbeidet.

Pris? Ein stad mellom 500.000 og ein million kroner, seier Steffensen.

Martine Holstad frå Hareid Rør ved den eine veggen i sanitærhuset.