Fredagskvelden opna utstillinga til rundt 60 kunstelevar frå Hareid Musikk- og kulturskule. Der var mange stolte foreldre, besteforeldra, ja til og med oldeforeldre som var møtt fram for å få med seg denne spesielle utstillinga. Og dei hadde all grunn til å vere stolte.

Borna har vore kreative og arbeidd godt gjennom dette skuleåret. Kunstlærar Arnfinn Mork har lært dei linosnitt og tresnitt. Dei har laga fantasifulle skulpturar i betong. Dei har teikna og måla. Veggene til lokala til Hareid Kunstlag var fylte av flotte kunstverk, og på golva stod dei fargerike skulpturane.

Kulturskulerektor Torgeir Hauge og ordførar Anders Riise stod for opninga av utstillinga. Dei var mektig imponerte over kva dei fekk sjå. - Eg er like stolt og imponert kvart år, sa Hauge.

- Det er utruleg flott arbeid som blir gjort, sa Riise. Han synest det er artig at han ofte ser igjen dei unge kunstnarane på UKM.

Kvar kunstnar fekk utdelt kvar si rose, sponsa av kunstlaget.

Kunstlæraren har halde på med kunst i mange år, men fortalde at borna inspirerer han i hans eigen kunst. Dei er så frie, og han lærer seg å ikkje ha så mange sperrer.

To kunstnarsøstre

Vikebladet Vestposten tok ein prat med søstrene Ane Rise Brandal (11) og Oda Rise Brandal (8). Ane har halde på med kunst i to år, Oda i eit år. Dei går på same gruppe.

Ane har måla eit bilete av ein sjø, himmel og verdsrommet med stjerner. Ho er ikkje sikker på kvifor ho har måla det. Læraren sa at ho fekk måle akkurat det ho ville. Oda har laga eit bilete med eit spøkelse, eit gult hus, ei elv og fjell. Ho fortel at ho er litt redd spøkelse, og litt likar ho dei.

- Kva hus er det du har måla?

- Det er berre eit vanleg hus på natta.

Dei har også laga nokre flotte figurar, noko som tok lang tid. Ane forklarer at dei har arbeidd litt vekselsvis på prosjekta.

Medan lokalavisa intervjuer dei flinke søstrene kjem Lidvar Rise og fortel at han er oldefar til jentene. Han er tydeleg stolt og vil vere med på bilete, noko han og Irene Follestad Rise får.

- Her får dei rote

Arnfinn Mork fortel at på kunstskulen får borna vere frie og skapande. Det er ikkje så strenge rammer som på skulen. Her får dei søle på golvet og sleppe laus fantasien. Noko han trur er veldig viktig.

Han har spurt borna om dei teiknar når dei er heime, men det er det få som gjer.

På kunstskulen får dei også lære å bruke verktøy dei ikkje har heime, noko som gjer at borna får utvikla seg vidare.

Utstillinga heng ut helga. Ho er vel verdt eit besøk.