Hypnose er noko som fascinerer dei fleste - på tvers av landegrenser og kulturar. Ikkje alle trur på det, medan andre er heilt overtydde om at det faktisk fungerer. Hypnotisør og volding Torgrim Holte tok med seg sitt hypnoseshow til Ulsteinvik under Båt & Bacalao. Mange melde seg frivillige med ein gong Holte spurde salen, og han kunne setje i gang med å få deltakarane inn i transe.

- Dette er noko av det mest spesielle eg har vore med på. Eg kan med handa på hjartet seie at eg anar kva eg har gjort. Det er som om ein time av livet mitt berre har floge forbi, sa Kari Warholm til Vikebladet Vestposten.

Holte fekk fleire av deltakarane til å gjere morosamme ting, men det var Kari som var aller mest mottakeleg for hypnosen.

- Mediterer ho? spurde Holte mannen til Kari om.

For det blir sagt at dei som er mest mottakelege for hypnose er avslappa, og gjerne dagdrøymer.

Klarte ikkje seie talet 7

Det første Torgrim Holte innbilte Kari Warholm om, var at eine foten hennar sat fast i golvet. Det førte naturlegvis nok til mykje latter frå salen. Éin etter éin blei dei andre på scenen bedne om å setje seg ned i salen igjen. Nokre byrja å danse og "køyre bil", og ein såg ut til å sovne på golvet - men ingen var altså så mottakelege for hypnose som Kari.

Etter nok ein runde med hypnose innbilte Torgrim Holte Kari at ho hadde drukke så mange øl at ho mellom anna ikkje klarte å seie den klassiske setninga "Ibsens ripsbærbusker og andre buskvekster". For kvar gong Holte klappa, hadde Kari "drukke" ti nye øl.

Ho klarte heller ikkje seie talet 7, etter nok ein hypnoserunde.

Det mest hysteriske kom derimot då ho av Torgrim blei overtydd om at mannen hennar hadde fått ein betydeleg lengre manndom, og stod heilt naken framfor ho, i det ho vakna.

- No blei det berre ubehageleg dette, sa Kari til hysterisk latter frå salen.

Så skulle ho forsøke å vere den som skulle hypnotisere Torgrim Holte, men det enda berre opp med at ho hypnotiserte seg sjølv. Så vekte han ho opp, men ikkje før han hadde fortald at han kom til å gjere det, i tillegg til at han vurderte å la mannen få behalde den innbilte manndommen til over helga.

- Ho kjem nok truleg ikkje til å hugse ein drit av dette. Dei 80 centimetra skal han få ha til måndag, sa Holte fleipande.

Sjå video av denne siste sesjonen i vindauget over.

Hugsar berre brotstykke

Det einaste Kari meiner ho fekk med seg då ho var på scenen, var at det stod andre der med ho. Alt anna vart svart, forklarar ho.

- Det einaste eg føler eg hugsar skikkeleg er at eg gjekk opp på scena. Så gav han meg beskjed om å slappe av. Eg byrja å gynge noko heilt forferdeleg. Det kjentest ut som at eg var på havet med stor sjøgang, og eg byrja å bli kvalm. Så forsvann det heilt for meg. Like etter, kjentest det ut som, vakna eg opp, og blei fortald at eg hadde vore på scena i ein time, seier ho litt forfjamsa.

Såg sonen på scena for fyrste gong

Holte måtte reise vidare til Ringebu etter showet, men rakk å ta seg ein liten prat med foreldra Kari og Harald. For utruleg nok har dei aldri sett han live på ei scene før.

- Nei, men vi har sett mange av showa hans på TV, fortel Harald Holte.

- Det var likevel meir spesielt å sjå han på scena, med mine eigne auge, seier Kari Holte.

Holte byrja showet med å fortelje at Ulsteinvik faktisk betydde noko for han i oppveksten, og at han meinte at dette var første staden han stod på ei scene.

- Det var godt med ein tur heim til Sunnmøre, og veldig kjekt å sjå igjen familie og kjende, sa Holte etter showet.

Video/klipp ved Ole-Ottar K. Høgstavoll.

Torgrim Holte og Kari Warholm etter showet. Kari var framleis litt forfjamsa, og forstod ikkje heilt kva ho hadde vore med på. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.
Torgrim Holte med foreldra Kari og Harald. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.
Her var Kari Warholm overtydd om at mannen hennar hadde fått ein betydeleg lengre manndom, og at han stod naken framfor scena. - Dette blei berre ubehageleg, sa Warholm til latterbrøl frå mannen hennar og salen. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.