– Det føltest kjempekjekt å stå på scena i dag, for det kom bra med folk. Mange av dei kjenner eg frå før, fortel Aleksander Goksøyr, som tidlegare har gått på Ulstein VGS og har vore ungdomsarbeidar i Ulstein kommune.

Bandet spelte på Kaffebaren sist fredag og frå fyrste låt dansa publikum ekstatisk med til den rebelske rockemusikken. Lydnivået var høgt og temperaturen likeeins.

– Men det var trasig å spele på eit lydanlegg som berre har blitt brukt til quiz i 20 år, seier Aleksander som likevel er nøgd med lydmannen:

– Andreas Halle er kjekk og fortener skryt.

Bandet som spelte sin fyste konsert under Påskerock i Ørsta i fjor består av Aleksander Goksøyr frå Runde i Herøy (vokalist/låtskrivar), Audun Håberg frå Remøya i Herøy (gitarist), Malin Høie Ørsal frå Molde (kor), Knut Steinnes frå Ørsta (bass), Marius Daniel Myklebust frå Volda (trommer) og Gard Eirik Austrheim frå Vik i Sogn (gitar). Men denne fredagen var trommisen på ferie, så tidlegare trommespelar for bandet Robert Steinnes steppa inn.

Ein stille sommar

Trass i at låta deira «Kom å ta mej» har vore på alle sine tunger det siste halvåret, vert det roleg framover.

– Vi ber preg av at festivalar bookar coverband. Så denne sommaren her er det dårleg med konsertar. Det tek tid å byggje eit slagskip, så neste sommar er det nok mykje betre, seier Goksøyr.

Til tross for ein relativt stille sommar har Skapsmak planar om nye slepp i juli. Bandet har tilbrakt fleire dagar på Ocean Sound Recordings på Giske, og skal om alt går etter planen gi ut tre nye låtar om ein månads tid.

Aleksander er litt overraska over at dei får lov til å spele i Ulsteinvik

– Ein gong spelte vi her med vårt tidlegare band Fatty Sunroad under Rådhusrock. Vi var det einaste bandet som ikkje vart nemnd i etterkant, og det var fordi bassisten vår som hadde på seg kilt, som ein ekte mann skal. Han mista kilten sin midt under konserten. Etter det vart vi bannlyst frå Vik. Men no heiter vi Skapsmak, så det var nok difor vi vart invitert, seier han med eit skøyeraktig glimt i auget.

Bandet avslutta med låta «kom å ta mej» som ekstranummer. Det kokte blant publikum som jubla og klappa, og fleire song med til den fengjande låta.

Vokalisten i bandet Skapsmak, Aleksander Goksøyr. Foto: Emily Louise Millan Eide