Materiale har det ikkje vore mangel på skal vi tru kunstnarane som tek del på ei eiga prosjektveke på Runde, i regi av Møre og Romsdal kunstsenter:

– Dei er kjempeflinke til å rydde i fjøra her ute på Runde. Under siste ryddeaksjon samla dei inn mange tonn med søppel. Likevel fann vi mykje som vi kan bruke til installasjonen vår, seier Astrid Runde Saxegaard.

Ho fortel at Askeladd-tendensen har ho alltid hatt med seg.

– Å gå på skattejakt langs fjøra og finne ting er spennande, men no finn vi litt for mange ting og mykje som ikkje skal vere der, seier ho.

Plastforsøpling i havet er eit problem som har fått auka merksemd dei siste åra, og gjennom prosjektveka er tanken å løfte fram problemstillinga ytterlegare, medøya Runde som utgangspunkt.

– Vi skulle eigentleg ha med ein tredje kunstnar, Isaak Kojo Biney Aggry frå Ghana, men han fekk ikkje kome inn i landet, seier Runde Saxegaard.

Torsdag ettermiddag vert det prosjektveke-samtale mellom kunstnarane og dagleg leiar ved Møre og Romsdal Kunstsenter, Kristin Mandt Heim. Installasjonen, som er montert opp på ein bergvegg i nærleiken av miljøsenteret, vil henge oppe til søndag. Då vil han verte plukka ned og delane vil verte kjeldesortert og levert til næraste miljøstasjon.

Frå Volda

Astrid Runde Saxegaard er frå Volda, men bur no i Kolbotn utanfor Oslo. Som namnet tilseier har ho sine aner frå Runde. Far hennar vaks opp der og ho har hatt tilhald mange somrar der ute i løpet av oppveksten.

Utstillinga på Runde er nummer to av i alt fire prosjektveker som Møre og Romsdal kunstsenter arrangerer i år. Målet med prosjektvekene er å vise ein større del av den kunstnariske prosessen fram for publikum og å skape kunstnarisk aktivitet rundt om i fylket.

Prosjektveka på Runde er eit samarbeid mellom kunstsenteret, Astrid Runde Saxegaard sitt eige kunstprosjekt RARe og Runde Miljøsenter. Møre og Romsdal fylkeskommune er med som støttespelar.

Prosjektveke: Astrid Runde Saxegaard og Samuel Olou har denne veka vore på Runde og samla materiale i fjøra til ein installasjon.