Kurs i traumesensitiv yoga

Niloofar merkar forskjellen

Dagslyset strøymer inn og lyser opp andleta til dei fire kvinnene som sit i ein sirkel i lotusstilling på puter med orientalske mønster. Ei svak, søt duft fyller rommet, som gir plass til ro.
Kultur

Vi er på Yogano, som er eit yogastudio i Ulsteinvik sentrum. Dei siste dagane har det vore kurs her, der målet er å lære vekk teknikkar innan yoga og mindfulness som skal gi betra fysisk, mental og emosjonell helse for dei som praktiserer det. Kurset er spesielt utvikla for dei som er flyktningar og andre som ber på traume eller andre vonde opplevingar.

Endeleg mogelegheit til å praktisere yoga

Niloofar Mallahosseini praktiserte yoga i heimlandet sitt Iran, og har drive litt med yoga på asylmottaket i Ulsteinvik ved hjelp av YouTube-videoar. For henne har dette vore nokre svært givande dagar.