Sommarfest med kamskjel, kvitlauk og asparges!

SOMMARFEST: Vakre og smakfulle kamskjel er ypparleg til forrett eller smårett. Foto: Noregs sjømatråd, Marianne Aaronsen. 

Kultur

Er du på jakt etter ein sommarleg forrett, eller kanskje du rett og slett leitar etter rask smårett som du kan nyte i skuggen? Då vil eg foreslå denne helgas rett som er ein sommarfest i seg sjølv. Råvara er kamskjel og det er noko av det edlaste og vakraste vi kan få opp frå havet.

Kamskjel vert fanga langs kysten vår frå Trøndelag til Nordland og det er oftast dykkarar som plukkar denne eksklusive råvara opp frå havet. Kamskjela er ei etterspurt delikatesse som ein kan vere heldig å finne levande med skal i ferskvaredisken, men oftast vi finn dei frosne utan skal i frysedisken.