Til Gapskratt-finale i Tresfjorden

Dimnarevyen har delteke med to innslag under årets Gapskrattfestival.
Kultur

Fredag kveld stod både Mette Holstad, Grethe Kobbenes Siglevik og Svein Børre Dimmen på scenen under Gapskrattfestivalen i Tresfjord.

Holstad framførte "Hurra for..", medan Kobbenes Siglevik og Dimmen viste fram "Hos tannlegen".

Ifølgje ein stemningsrapport lokalavisa har fått frå Wenche Markussen i Dimnarevyen leverte begge innslaga med glans, og Holstad med sin stretchbunad vart også plukka ut til finalen i Gapskrattfestivalen. Den går laurdag kveld.

Desse innslaga er klare for årets finale:

Lånkerevyen: Klikkhoreri
Tresfjord UL: Dykkar butikk
Sanderevyen: Dytt eller dra
Lånkerevyen: Bankran
Kvitter fra Knotten: Knotten Blandakor
Dimnarevyen: Hurra for...
Humorutvalget: Burugler
Raumarevyen: Gla-laksen
Teaterlaget Håssåsig: Motorsaga
Æn the hitmakers: Æ vil ut
Lånkerevyen: Begravelsen
Fedje: Værmeldinga
Vestnes teaterlag: Det var en spennende dag
Humorutvalget: Skapdemonstranten
Grimsbu teaterlag: Melanias vise
Romsdalsnes revylag: Filosofen
Helt Johan: Gode råd for kommunale pensjonister