–Kan du fortelje meg om kvardagen din?

 – Eg byrja på introduksjonsprogrammet for flyktningar, og gjekk etter 1,5 år der ut i praksis hjå Libra Plast AS på Hareid. Etter påske fekk eg tilbod om full jobb der, smiler Hilal. Når eg ikkje jobbar er eg på treningssenteret, eller er med og ser sonen min på 8 år spele fotball for Hødd.

Før krigen starta i Syria eigde Hilal ein fabrikk. – Vi laga blant anna aluminiumsdører og vindauge. Eg hadde seks tilsette som jobba med meg. Men då krigen starta, flykta vi til Libanon. Der var vi i fire år før vi fekk kome til Ulsteinvik som kvoteflyktningar.

–Kan du fortelje meg om noko som er likt i Noreg og i Syria?

Hilal ser i taket ein stund, han tykkjer det er lettare å finne skilnader. – Eg trur ikkje det, for landa er veldig forskjellige. Vi har ulike hus, ulike klede, ulikt ver. Det regnar aldri om sommaren i Syria. De lagar hus av tre, der eg kjem ifrå lagar vi husa av sement og betong. Det er vanleg at vi besøker naboane våre i Homs som er byen eg kjem ifrå. Vi sit på balkongen og drikk ein kaffi, eller snakkar saman når vi møtest i nabolaget. Her seier ikkje naboane mine hei, om dei ikkje kjenner meg. Men folk er hyggelege.

–Kan du fortelje meg eit godt minne frå barndomen din i Homs?

–Eg hugsar at eg brukte å hoppe paradis, leike gøyme og leite og sisten saman med søskenbarna og brørne mine. Men det var mykje som var dårleg då eg var barn, mange familiar var fattige. Livet var simpelt.

–Korleis var det å føle krigen på kroppen?

–Det var frykteleg. Militæret fengsla folk som ikkje var tilhengjarar av Assad sitt regime, men dei kunne også ta deg til fange utan grunn. Dei kunne stå på gata og sjekke legitimasjonen din når du gjekk forbi, og berre sende deg rett i fengsel.

–Ser du føre deg at det kan bli fred i Syria?

 –Eg veit ikkje, men eg håpar det. Det har blitt ein kompleks krig som USA, Russland, Iran, Libanon og mange andre land er innblanda i. Difor trur eg at den kan vare lenge. Om det blir fred ein gong, ynskjer eg å reise tilbake, og bu der. Eg ynskjer at borna mine skal vekse opp i heimlandet mitt.

–Er det noko du likar veldig godt med Noreg?

–Det er mykje eg likar. For eksempel likar eg det norske trafikksystemet. I Syria og Libanon er det vanskeleg å køyre, men her følgjer alle reglane. Eg er også glad i velferdssystemet de har her. Det at tannlegane passar på tennene til gutane mine, set eg veldig stor på.

Held på kulturen: Kona til Hilal har laga arabiske pannekaker som er fylt med ei blanding av krem og ost. Oppå er det pistasjnøtter og sukkerlake. Dei blir etne for hand. Foto: Karrar AL-Azawi