Ferdamat Kafé opnar i august/september:

Snart kiosk på Hareid igjen

Ferdamat Kafé opnar i trafikkterminalen på Hareid i august/spetember.  Foto: LeivArne Grimstad

Kultur

Hareid formannskap vedtok i siste møte å gi Fjord1 dispensasjon til å servere mat frå det nye tiltaket Ferdamat Kafè i Trafikkterminalen frå klokka 05.30 om morgonen.

I forskriftene for serveringsstader i kommunen er maksimal opningstid frå kl 06.00 til 23.00.  Grunnen til dispensasjonen er å gi tidleg reisande høve til å kjøpe seg kaffi, frukost eller lunsj.