Det melder Varg Idrett til Vikebladet Vestposten. Klubben har fått med seg rapparane i Kontrollert Kaos (Birdie og Robbadoc), seks gonger kretsmeister og Norgescup-vinnar i rytmisk gymnastikk, Sophie Brevik Nesse, kamsportutøvarar frå eigen klubb i kickboxing og brasiliansk Jiu Jitsu, dansarar frå Herøy kulturskule og eit lokalt songtalent, 14 år gamle Ida Brevik Stadeløkken.

- Grunn til at vi ønskjer å halde eit slikt show er at det finnast utruleg mange flotte og gode tiltak, der det blir jobba frivillig for å utvikle talent, og at det difor er på tida å setje saman eit heidundrandes kalas. Dei mange tusen timane med frivillig arbeid som blir lagt ned, talenta som blir skapt og miljøa som tek vare på så mange flotte ungdommar fortenar å bli heidra, seier Petter Faye Rundereim, dagleg leiar og hovudinstruktør i Varg Idrett.

Han legg til:

- Varg har alltid sagt at vi er her for å skape tilhøyrsle for dei som treng det. Etter kvart som vårt nettverk har utvida seg, så ser vi at dette gjeld mange andre grupper, men at ikkje alle har ressursane til å nå ut. Difor ønskjer vi å bere fakkelen saman med dei, og få dei fram i lyset.