På heimesida finn publikum oppdatert program og filmomtalar, og her er mykje å velje mellom! Også i år er kinosommaren prega av store blockbusters, men vi finn også den norske barnefilmen Karsten og Petra på skattejakt og litt «smalare» titlar. Akkurat no er animasjonsfilmen «Hotel Transylvania» 3 den store publikumsfavoritten, men her er mykje å gle seg til både for små og store framover.

Sommarens store feelgood-film er sjølvsagt «Mamma Mia: Here We Og Again» med premiere 20. juli. Fleire av skodespelarane frå supersuksessen frå 2008 er tilbake for å synge ABBA-songar, mellom andre Meryl Streep, Pierce Brosnan og Colin Firth. Den første filmen hadde i Norge svimlande 1,1 millioner besøkande – og vi håper sjølvsagt på fulle kinosalar og Mamma Mia-feber også på denne filmen!

Det er også knytt store forventningar til «Mission Impossible Fallout», som endeleg kjem på kino første helga i august. Tom Cruise er tilbake som Ethan Hunt i sjette runde med umulige oppdrag, og eit av filmens mest vanvittige stunt er lagt til Preikestolen i Norge. Her blir det mange spektakulære scener og mykje action, for alle dei som likar det.

Same helg blir det også førpremiere på Karsten og Petra på skattejakt – den sjuande og siste filmen om Karsten og Petra.

Karsten skal vere samen med Petra sin familie på Hvaler i sommerferien. Her kosar dei seg med å bade, samle skjell, bygge sandslott, fly med drage, fiske krabbe og sløye fisk. På stranda finn dei ei boks som morfaren grov ned då  han var liten, saman med sin bestekamerat, Alfred, som han ikkje har sett på 65 år. Det er ein tidskapsel, med gamle, rare saker, og en mystisk rebus...

Vi får også eit etterlengta gjensyn med Den Utrolige familien frå Pixar i «De Utrolige 2», 14 år etter den første filmen. Brad Bird, som skreiv manus til originalfilmen, står denne gongen for både manus og regi, så historia er i trygge hender. I De Utrolige 2 blir Helen oppforda  til å lede ein kampanje for å bringe Superheltane tilbake, medan Bob navigerer det daglege heroiske og «normale» kvardagslivet heime med Violetta, Dash og baby Jack-Jack – men superkreftene hans er i ferd med å bli oppdaga. Dette blir moro for heile familien!

I tillegg til desse filmane kan du også sjå komedien Book Club, sci-fi filmen Darkest Minds og Hotel Artemis på kino i sommar. Og når kinosommaren er på hell kan vi gle oss til haustens norske storfilm «Skjelvet» med premiere 31. august. Gjengen  bak storsuksessen «Bølgen» (2015), som drog over 830 000 besøkende – og heile 4000 besøkande berre på Sjøborg - er tilbake med en ny katastrofefilm. Skjelvet er ein oppfølgjar til «Bølgen», og Ane Dahl Torp og Kristoffer Joner sine rollefigurar får nok ein gong gjennomgå. Vi vert lovd heftige scener vi aldri har sett før, som blant anna når Postgirobygget og Oslo Plaza kollapsar…

Det er som de skjønar mykje å glede seg til, så velkomen til ei pause frå sol (eller regn) i kinosalen og gode filmopplevingar.