For ein månad sidan spurte Sander Sveinung om dei ikkje skulle haike til Thailand. Planen var å ta ein billig tur. Svaret vart ja. Tysdag startar den litt utradisjonelle reisa.

– Planen er å starte turen i Volda, og kome oss heilt til Thailand utan å bruke pengar på verken skyss eller mat, fortel Sveinung.

Tek ting litt på sparket

Det er ikkje mykje som er planlagt, visum tenkjer dei å fikse langs vegen.

– Vi kjem til å prøve å haike til vi er tomme for tid. Om vi ikkje kjem oss lengre, flyr vi tilbake når det har gått tre veker. Også kjem vi til å spørje folk om å kjøpe oss mat langs vegen. Somme kjem til å vere snille nok til å kjøpe oss ein liten burger, fortel Sveinung.

– Det beste er nok å spørje restaurantar om dei har noko dei uansett har tenkt å kaste, tilføyer Sander.

– Har de høyrt om dumpsterdiving?

– Å leite etter mat i søppeldunkar? Spør Sander. Nei, det gjer ikkje vi. Då får vi heller folk til å kjøpe oss mat. Om det er krise får vi heller kjøpe oss noko sjølv, stadfestar Sveinung.

Dei har også tenkt å prøve å reise med skip om den moglegheita byr seg.

– Men fly haikar vi ikkje med, seier Sveinung.

Dei håper å bli kjent med ulike folk og kulturar på turen.

– Eg trur vi får ei heilt anna oppleving når vi haikar. Vi kjem også til å sjå mykje meir av naturen, enn om vi hadde reist på eit anna vis, fortel Sander. Om vi er i nærleiken av nokre spanande turistattraksjonar kjem vi sikkert til å ta ein svipptur innom, tilføyer Sveinung.

Midtausten

Trass i uro i Midtausten, håpar dei å reise denne vegen. Dei ser føre seg at det stort sett kjem til å gå fint, særleg i Europa.

– Det beste hadde vore å kome seg til Oslo, og så vidare sørover mot Danmark. Så lenge vi kjem oss i riktig retning, sit vi på, fortel gutane. Vi har snakka om å reise gjennom Midtausten, fortel Sveinung. – Men det ser grått ut der. Om vi ender opp med å reise gjennom Syria, er det mykje som kan skje, men det er ganske vanskeleg å førestille seg noko no som vi sit her, fortel Sander.

– Trur de at folk som plukkar dykk opp er til å stole på?

– Nei, men det er ein risiko ein må ta. Viss ikkje, endar vi opp med å bli ståande fast i Volda, svarar dei i kor.

– Kva seier foreldra dykkar om reisa?

– Dei tykkjer det er kult at vi skal haike, men ser helst at vi held oss i Europa. Men vi tenkjer at når vi først skal gjere det, så må vi verkeleg utfordre oss sjølve, fortel dei.

Vart inspirert av video

– Vi såg ein video på YouTube med nokre norske gutar som haika til Kina. Dei reise gjennom Libanon, Syria og Irak. Det var for seks år sidan. Dei klarte det fint. Vi valde Thailand fordi det høyrest meir imponerande ut enn å haike til Italia, liksom. Det er meir utfordrande, fortel dei.

– Trur de det er realistisk å kome seg til Thailand på tre veker?

– Det er ganske urealistisk, svarar Sander med ein gong.

– Men vi har trua, seier Sveinung.

Grunnen til at dei berre har tre veker, er at Sander skal byrje å studere i Oslo til hausten.

– Kva skal de pakke med på turen?

– Telt, sovepose, turmat, handkle og skift. Om vi har stormkjøkken tek vi med det også. Vi har ikkje tenkt å pakke med så mykje.

Sander har spart opp pengar gjennom sommarjobb, medan Sveinung ikkje har særleg på konto, men målet er uansett å ikkje bruke pengar i det heile.

– Om noko skjer, må nok eg vere den vaksne som pungar ut, humrar Sander.

Sander kjem ifrå Ulsteinvik, medan Sveinung kjem ifrå Lauvstad i Volda kommune. Kompisane vart kjent med kvarandre på Ulstein vgs, som dei fullførte for eit år sidan.

– Eg har jobba og spelt fotball for Hødd 2, fortel Tilseth.

– Eg gjekk på toppidrettslinja på Rønningen folkehøgskule i Oslo, og held til vanleg på med friidrett, fortel Sander.

– Kva er planen om de kjem fram til Thailand?

– Da blir det å fare rett til flyplassen, seier Sveinung. – Eg har aldri vore i Bangkok før, så eg ynskjer å sjå byen, seier Sander.

Reisa kan ein følge på Instagram.

– Der kjem vi til å ha direktesending, og leggje ut bilete undervegs. Planen er også å få laga ein film av reisa, forklarer Sander.

Til Thailand: – Vi har ikkje haika so veldig mykje før, men eg trur vi er god på det. Går vi inn for å få sitte på med nokon, so får vi det til. For vi er sjarmerande, fortel Sveinung. Vi kjem til å stå på bensinstasjonar og liknande med eit skilt der det står «Til Thailand», fortel dei. Det er viktig å stå ein plass der folk kan stoppe, ikkje langs motorvegar.