– Kan du fortelje meg litt om kvardagen din?

– No er det ferietid. Borna mine har fri frå barnehagen og skulen. Men vanlegvis står eg opp 07.30 og leverer dei yngste i barnehagen før eg drar for å trene på treningssenteret. Deretter drar eg til frisørsalongensom eg eig og arbeider fram til ca. kl. 18. Eg arbeider der åleine. Kona mi Sarah går på norskkurs.

– Kva planar har de i sumar?

– Vi tok oss tidleg ferie i år. Etter 17. mai reiste vi ein tur til Skien, Oslo, og var også ein tur innom Sverige. Eg kan ikkje ta meg meir fri, men familien min kjem sikkert til å ta seg ein tur til.

– Kan du fortelje meg om noko som er likt i Noreg og Irak?

Moshreq blir stille ei stund, før han svarer. – Meiner du noko som er det same i Noreg og Irak? Det er mykje. Både her og i heimlandet mitt helsar folk på familien min og meg, sjølv om vi ikkje kjenner kvarandre frå før. I Irak smiler ikkje folk om dei ikkje kjenner deg, men folk her i Noreg smiler uansett.

Men det er mest forskjellig. De har snø. Ein har også forskjellige moglegheiter i dei to landa. Her har kvinnene betre moglegheiter til å skaffe seg ei utdanning og ein jobb. Når eg tenkjer på framtida til mine tre døtre kjem den til å vere betre her, enn om vi hadde budd i Irak.

– Kan du fortelje meg om eit godt minne frå barndommen din i Nasiriyah?

– Eg har mange gode minner. Eg har gode foreldre, som har lært meg svært mykje. Då det var krig mellom Iran, og Irak frå 1980-1988, skulle faren min vere med å kjempe for Irak. Då var eg cirka 3,5 år. Eg vart med mor mi til togstasjonen for å seie farvel når han reiste. Eg hugsar at eg byrja å grine. Mor mi trudde det var fordi faren min skulle reise, men grunnen var at eg hadde lyst til å vere med på togreisa. Vi budde like ved toglinja, og eg såg toga køyre forbi kvar dag, men eg hadde aldri køyrt på med eit tog.

Eg hugsar også fyste skuledag. Eg hadde fått nye klede og sekk. Det var ein veldig kjekk dag.

– Ser du føre deg ei fredeleg framtid for Irak?

– Eg håper sjølvsagt at det blir roleg, men eg veit ikkje. For no i det siste har det vore mykje problem i Irak, så det roar seg nok ikkje med det fyste. Det er ikkje berre ISIS som lagar problem, det er også andre militære grupper som herjar, og statsmakta er ikkje stabil.

– Kan du sjå føre deg at du nokon sinne kjem til å flytte tilbake til heimlandet ditt?

– Nei, det trur eg hadde blitt vanskeleg. Kanskje om 25 år, humrar han, før han held fram. – Dei har namna på alle i familien min, så det er ikkje trygt.

– Kva ynskjer du at borna dine skal vite om Irak når dei veks opp?

– Eg ynskjer at dei skal vite om den irakiske historia, og ikkje gløyme språket mitt. Difor snakkar vi berre arabisk når vi er i heimen vår.

–Kva gjer du for å halde på kulturen din?

– Under ramadan fastar eg, og då et eg ikkje før klokka er tolv på natta, då har borna mine lagt seg. Når ramadan er ferdig, feirar familien eid saman.

–Kva likar du med Noreg?

– Eg likar er maten. Vi grillar laks 2–3 gongar i veka med krydder og sitron. Det smakte eg for fyste gong i Noreg. Elles har eg nettopp kjøpt eit vaffeljern. Borna elskar vaflar.

Bur her med familien: Moshreq kom til Noreg saman med kona si Sarah og tre døtrer. På armen har han blant anna tatovert namnet på kona, Sarah. Foto: Karrar Al-Azzawi