– Boka handlar om utviklinga av norsk camping frå 1930 og fram til i dag. I tillegg kjem eg med ein del forbrukartips om moderne camping. Eg har valt å avgrense camping til å omfatte campingplassar, telt, campingvogner og bubilar. Friluftsliv er ikkje med, sjølv om mange ligg i telt i skogen òg, fortel forfattar Geir Svardal, som tidlegare har jobba for bubilmagasinet til Vi Menn.

I boka hans møter vi òg ulike menneske som fortel sine personlege campinghistorier.

Kjøpte bubil i 2012

Svardal kjøpte sin første bubil i 2012, om lag samstundes med at han byrja å skrive om bubilar i Vi Menn. Då hadde han ikkje hatt noko forhold til camping sidan 1960-talet.

– Då budde eg og familien fleire år i Tromsø. Vi drog sørover i bil kvar sommar for å besøkje slektningar på landet. På vegen overnatta vi på fleire campingplassar, fordi vi brukte fleire dagar på turen. Det var camping- og bondegardsferie på meg i mange år på 60-talet.

Sjølv om han besøkte mange campingplassar i barndommen, var ikkje det med å påverke kjøpet av bubil.

– Nei, minna frå 60-talet var ikkje med å påverke valet. Etter at eg blei vaksen, har det vore meir sporadiske campingbesøk, så det at eg enda opp med å kjøpe bubil, kjem av andre faktorar, seier Svardal.

Han var eigentleg på jakt etter hytte då han kjøpte den første bubilen sin for seks år sidan.

– Eg fann aldri ei hytte eg følte passa. Det var noko som heldt meg att. Etter kvart byrja eg å lure på om eg kanskje ikkje skulle ha hytte likevel. Kanskje eg heller skulle ha bubil, som begynte å bli populært på den tida. Sidan eg likar å vere på farten og reise rundt og møte nye folk, passa det eigentleg perfekt med ein slik bil, fortel Svardal.

Har brukt ulike metodar

For å finne stoff til bokprosjektet sitt har Svardal nytta ulike metodar.

– Eg er glad for at NAF oppgjennom åra har skrive ein god del om camping. Vegbøkene deira har hjelpt meg mykje, og i tillegg har dei ein del handbøker om campingliv. Det har eg hatt stor glede av. Det har òg vore forska ein del på camping, og mykje av den forskinga har vore lite i media tidlegare, seier Geir Svardal.

Også møte med menneske har hjelpt han i arbeidet.

– Eg har snakka med folk som kan mykje om camping. Eg har òg fått god hjelp frå sosialantropolog Hege Høyer Leivestad.

Personlege campinghistorier frå ulike menneske er også med.

– Vi møter ein barnefamilie som campar i telt. Vi møter ein bondefamilie som driv utleige av campinghytter ved sida av gardsdrifta, og vi møter ein fyr som budde på ein bondegard som blei til ein campingplass. Boka inneheld med andre ord både opplysningar, informasjon, nerdestoff og møte med menneske, konstaterer Svardal.

– Camping er fridom

– Må ein vere spesielt interessert i camping for å ha glede av denne boka?

– Det er vanskeleg å seie. Eg trur i alle fall folk som er litt interesserte i camping vil ha glede av boka. Samstundes har ein bøker som til dømes Hel ved , som er litt av same typen bok, som har selt i bøtter og spann. Også til folk som ikkje høgg eigen ved, svarer Svardal.

Sjølv om camparar i dag er veldig forskjellige, meiner Svardal at dei fleste har noko til felles.

– Dei likar fridom. Som campar bestemmer du mykje sjølv. Du blir din eigen herre. Det er ei jordnær ferieform. Det er ein enkel type ferie som gir god kontakt med naturen. Mange likar kontrasten til det hektiske kvardagslivet, seier forfattar Geir Svardal.