–Ein kan tenke på klippeklatring som klatringas 800 meter. Buldringa er klatringas svar på sprintøving. Den går føre seg utan tau, på steinar.

Finmotorikk

Ikkje det same som å klatre med selar. – Når ein buldrar, har ein eit heilt anna fokus enn når ein elles klatrar. Da er det snakk om problemløysing, ein skal finne ut av korleis ein kan kome seg til toppen. Og kroppen må venne seg til det problemet. Dei rutene som er mest teknisk vanskelege, har vi brukt kanskje 15–20 dagar på å klare. Då er vi gjerne fleire som held på saman, og finn ut litt etter litt kva triks som funkar. Det er snakk om fingerjustering og kroppsposisjonar. Her ute på Flø er det fleire vanskelege ruter. Eg har klatra her i 20 år, og det er endå ting eg ikkje får til, som eg framleis prøvar meg på. Når ein fyst får til ei rute, er liksom koda knekt.

Sosial klatring

Når ein buldrar er det ei grense på cirka 5 meters høgde. – Det er ei meir sosial variant klatring, fordi man heile tida er nær kvarandre. og kan diskutere og heie på kvarandre medan ein held på. Nokon står heile tida og passar på, i tilfelle ein fell. Det er tungt fysisk, god trening og ein brukar lang tid på veldig små detaljar. Ein kan sjølvsagt også klatre litt lettare ruter for å kose seg, men personleg likar eg å utfordre meg sjølv, og sjå framgangen over tid.

Populær sport

Kampesteinane på Flø trekker til seg buldrarar, ikkje berre frå Ulstein. – Det blir meir og meir populært med buldring, og det er mange, også her i området som held på. Det har vore eit par klatresamlingar med rundt 30 stykk her på Flø. Då var det folk som kom frå Ørsta og Volda, og ei samling med folk frå Ålesund. Då er folk her ei helg, og bur i telt. Flø er den beste plassen for buldring på Sunnmøre. Her er det flest steinar, og flest ruter å utfordre seg på.

45, og sprekare enn når han var 20.

Kun eigen tankegang som set grenser. – Vi er ein kompisgjeng i Ålesund som driv på med buldring. I klubben slit dei unge med å halde følge med oss som er litt eldre. Det er ei myte at ein er på topp i 20-åra. Det er ikkje sant for meg i alle fall. Det handlar nok meir om kva folk fortel seg sjølve.; «No er eg gamal».

Tindar til kampesteinar

Tommy har det siste året brukt mesteparten av tida si på å ferdigstille ei bok som viser fram klatringa i området. – Klatring er ein brei kategori. I boka som eg skal gi ut 1. september, er vi innom heile spennet. Den heiter Sunnmøre – frå tindar til kampesteinar, og beskriv over 700 klatreruter på Sunnmøre. Frå tindane er Molladalen med, eit nydeleg fjellmassiv i Ørsta, som er kjent for bra klatring. Men også klippeklatring: Kortare ruter opp mot 20–30 meter som kan likne litt på innandørsklatringa som er i Ulstein arena.

-Tanken er å vise folk vegen til dei flotte rutene. Boka er full av detaljar, og bilete frå rutene her på Sunnmøre. Den har skildringar av korleis ein finn klatrefelta, og oversikt over rutene med stjerner, og vanskegrader. For meg har det vore ei fagleg utfordring. Eg hadde behov for å lære noko nytt. Arbeidet med boka er ein kombinasjon av alt eg likar best; Å jobbe med klatring, grafiske ting, og ende opp med eit fysisk produkt. Eg har blitt betre kjent med klatremiljøet på Sunnmøre, og fått hjelp av veldig mange, samt fått prøve meg litt som journalist. Eg har også funne opp eigne ord på nynorsk, for eksempel breiriss, som er ei sprekke som er for tjukk til å få knyttneven inni.

Aktuell med bok: Tommy som originalt kjem ifrå Skeide, i Ulstein, synest det var på tide med ei bok om klatring på Sunnmøre. Då tok han like godt å slutta i jobben sin for å utføre prosjektet sjølv. Når han klatrar Skrapeloddet, på Flø, er det mest ingenting å gripe fatt i, men han får det til å sjå lett ut, Foto: Emily Louisa Millan Eide
Buldring: – Tommy er flink til å fokusere på at det skal vere leik. Det er viktig å ikkje presse dei. Borna kosar seg, fortel Tommys søster Janne. På bilete klatrar dottera hennar, Molly. Foto: Emily Louisa Millan Eide